Onsdag var NM-meistrane frå i fjor på veg til EM brass. Eikanger-Bjørsvik Musikklag har ei årrekkje vore eit av dei leiande brassbanda i Europa og stiller høge krav til seg sjølve. Korpset er det mestvinnande brassbandet i Norge. (blant anna: 14 NM-titlar, 2 EM-titlar, og 15 sigrar i underhaldningskonkurransen Siddis Brass)

Sterk konkurranse

I EM-konkurransen møter EBML sterke korps som Black Dyke, Cory Band og regjerande EM-meister Brass Band Bürgermusik Luzern. Det er fyrste gong europameisterskapen for brassband blir arrangert i Tyskland, i Freiburg, ein halvtimes tid frå Sveits. Så fjorårets vinnar er nærast på heimebane å rekne.

– Vi er spente, sjølvsagt, men det let bra no, seier Viggo Bjørge nestleiar i EBML. Dei har lagt inn ein ekstra øvingsdag fordi stoffet er vanskelegare i år. Dei siste seks åra har krorpset vore heilt i toppen. Dei har tre andreplassar, ein tredje- og ein fjerdeplass. Så sjansane for å vinne er gode.

– Vi håpar på topp-plassering men det er ingen automatikk. Heile fem korps kan lett vinne konkurransen, seier Bjørge.

2. plassar gjer korpset sterkare, meiner King

Gjestedirigent King

Dirigent for det renomerte korpset frå Nordhordland er til vanleg Reid Gilje, men gjestedirigent til EM er professor David King frå Australia. Her er han blant sine eigne.

– Det er godt å vere «heime», seier han i eit intervju med NMF.

Ja, for han kjenner seg som heime. Han har besøkt Norge kvart år sidan 1989, og særleg er det kjekt å kome tilbake til Bergen, seier han.

Professor David King dirigerer EBML i EM brass 2015. Foto: Olga Wergeland.

Professor David King dirigerer EBML i EM brass 2015. Foto: Olga Wergeland.

Jobbar intenst mot EM

I to veker har King jobba med Eikanger-Bjørsvik Musikklag. Dei har jobba hardt og intenst før han kom, og King gir kreditt til alle musikarane for innsatsen sin. I år har det vore litt spesielt sidan påska kom så tett opptil EM. Og han skryt av jobben dirigent Reid Gilje har gjort. I år kom dei som nummer 2 i NM brass. Dei to siste åra har korpset kome på 2. plass i EM brass. No reiser dei for å ta sigeren heim.

– 2. plassar gjer korpset sterkare, meiner King. EBML er ingen «dark horse». Dei har uendelege sjansar til å vinne. Om dei ikkje vinn er det ikkje fordi dei har lege på latsida, for det har dei ikkje gjort, seier han. Eikanger-Bjørsvik har gong på gong vist at dei er gode. Dei kan ende på ein 3. plass og likevel vere betre enn då dei kom på 2. plass. Slik er det å konkurrere, seier King.

Tysk pliktnummer

Tyskaren Rolf Rudin har skrive pliktnummeret til årets EM brass. Det er fyrste gong han skriv for brassband, og det er svært teknisk utfordrande. Det blir difor spennande å høyre korleis alle dei 12 korpsa i EBBC tolkar musikken.

Det sjølvvalde nummeret blir framført laurdag, men på grunn av regelverket kan ikkje stykket offentleggjerast før konkurransen.

EBBC blir streama

Pliktnummeret i EM fredag og det sjølvvalde stykket laurdag blir streama via det nederlandske tv-selskapet Hafabralivestream.nl. Også festkonserten og premieutdelinga. For å sjå må du logge deg inn og betale €12,50: http://www.hafabralivestream.nl/

Les: Nordmenn til EM brass
Les: Gru-gler seg til EM
Les: Klare for Europa og EYBB

Her kan du sjå heile intervjuet med David King. Intervjuar er Stein Skorpholm.