Gratulera, Forsvarets musikk!!
Eg har ei helsing til Forsvarets musikk…frå 60000 medlemmer i Norges Musikkorps Forbund: Hjarteleg til lukke!!!….med heidersprisen frå Norsk kulturråd. Meir fortent kan det knapt bli!

I grunngjevinga si peikar kulturrådet på Forsvarets musikks tradisjon og viktige posisjon i norsk kulturliv, musikkfagleg profesjonelt og med tanke på formidling av kvalitet og breidde. Det blir og peika på at dei 5 korpsa som er trygt forankra i regionane sine spelar ein sentral rolle i på mange område.
Og det kan vi skriva under på, kvar dag!!
Parallelt med oppbygginga av Forsvarets musikk har musikarane der hatt heilt avgjerande betyding for oppbygginga av det frivillige musikklivet, ein av hjørnesteinane i grunnmuren til norsk kulturliv. For å vidareutvikla og vedlikehalda denne grunnmuren er kompetanse det viktigaste verktøyet. Her er forsvarskorpsa uvurderlege bidragsytarar!

Saman med MFO, Kulturskulerådet, Norsk komponistforening og NMR stilte vi sjølvsagt opp då det vart inviterte til høyringa om langtidsplanen for Forsvaret. Vi vart tatt vel imot, men fekk også høyra at vi var komen til feil komite (!!) At det vi fronta gjaldt samfunnet, ikkje forsvaret. – Og eg som trudde at forsvaret var ein del av samfunnet(?)

Det var synd innkjøpt konsulenthjelp ikkje hadde kompetanse til å vurdera Forsvarets Musikk sin musikalske kvalitet eller samfunnsmessige verdi, men;

Heldigvis er det framleis mange politikarar på Stortinget som var med på å slutta opp om Stortingsmelding 33, 2009. Der er jo Forsvarets musikks samfunnsmessige verdi skildra, på ein både kompetent og skikkeleg måte.

Framlegget til statsbudsjett for 2017 og langtidsplanen for forsvaret har noko til felles. Det kan sjå ut for at det er ein villa politikk å byggja ned norsk kunst- og kulturpolitikk på musikkfeltet – på brei front, både når det gjeld talet på profesjonelle musikararbeidsplassar og det kunstnariske innhaldet.

Vi i NMF skal ikkje leggja oss bort i kva eit godt, norsk forsvar skal kosta. Det må kosta det det må kosta. Men (apropos stasbudsjett);
I ei tid då regjeringa har eit hovudfokus på å berga og skapa arbeidsplassar vert det mildt sagt eit paradoks at over 60 arbeidsplassar for profesjonelle musikarar vert radert bort.
Vi må derfor setje vår lit til at Stortinget, som har ansvaret for den overordna og samla politikken, kjem til å ta ansvar for den verdfulle kulturelle infrastrukturen som er bygd opp over lang tid. Forsvaret er ein del av samfunnet og Forsvarets musikk er altfor verdfull til å bli eit reint forsvarspolitisk spørsmål.

Til arrangementet framom Stortinget hadde vi håpa at norske musikkorps ville stilla seg bak Forsvarets musikk. Initiativet kom faktisk frå enkeltmedlemmer i eit av våre korps i den europeiske toppklasse, Eikanger Bjørsvik Musikklag (takk Sølvi og Vidar). Vi håpa at vi ville få sjå 60-70 faner som kulisse bak det samansette korpset. Sjå kva vi fekk!! 200 faner vart løfta!! Eit tydeleg teikn på kva korpsNoreg meiner om saka.
Det finst knapt eit anna land i verda der musikkorps-, og særleg skulekorpsaktivitet, står så sterkt som hos oss. Det hadde nok ikkje vore slik om det ikkje var for det Forsvarets Musikk har betydd opp gjennom åra.
Framleis er det svært sterke band mellom våre eigne korps og Forsvarets Musikk, og det kjem framleis til å vera viktig at;

at vesle Ole, som nett har byrja spela kornett, kan kjenna på at han er del av det same kulturelle fellesskapet som den profesjonelle korpsmusikaren.

Vi meiner det er viktig at Forsvarets Musikk framleis;

* får vera ein av landets viktigaste profesjonelle kulturinstitusjonar – og ein vesentlig del av det profesjonelle musikkliv
• får vera det viktige bindeleddet mellom forsvaret og samfunnet elles, og tena som forsvarets blide ansikt utad.
• får skapa ringverknader og vera forbilde, «state of the art» og ressurs for det frivillige kulturliv.
• får halda oppe det profesjonelle konserttilbodet i distrikta.
• får vera samarbeidspart for andre kulturaktørar i regionane
• framleis får ha stort fokus på kulturformidling til barn og unge
• får vera virkemiddel for å synliggjøre Forsvaret sine eigne haldningar og verdiar, og på den måten vera med på å sikra både forsvaret og landet sitt omdøme.

Å kutta så mange arbeidsplasser i Forsvarets musikk vil få ringverknader for alle som jobbar opp mot FMUS. Utdanningsinstitusjonar, dirigentar, komponistar/arrangørar, solistar og svært mange andre som jobbar innan kulturfeltet vil mista ein viktig arena.

Forsvarets musikk er ein av landets eldste kulturinstitusjonar. I sin noverande form sidan først halvdel av 1800-talet, men har røter som går heilt tilbake til 1500-tallet.
Etter at eg jobba i FMUS var eg m.a. tilsett i 16 år innan offentleg forvaltning, med ansvar for lokalkultur og kulturarv. Og ein ting kan eg trygt seia;
Hadde FMUS vore eit naust, eit kvernhus eller ein gamal telefonkiosk hadde Forsvarets musikk vore freda,…for lenge sidan.

Gode politikar;
Eit samrøystes landsmøte i Norges Musikkorps Forbund seier;

«Landsmøtet til Norges Musikkorps Forbund slår ring om Forsvarets Musikk, og vil at Forsvarets korps fortsatt skal være livskraftig i alle landets regioner.
Norges Musikkorps Forbund er overbevist om at en løsning også kan finnes denne gangen og oppfordrer Stortinget til å sikre den profesjonelle delen av norsk korpsbevegelse langsiktige levevilkår, til glede for kommende generasjoner».

Og bakgrunnen for at Kulturrådet gav prisen til Forsvarets musikk er;

«Korpsene holder en meget høy kunstnerisk kvalitet og fyller mange roller ut over Forsvarets behov for seremoniell musikk. De har også en utenrikspolitisk og fredsskapende dimensjon, og er med på å styrke relasjoner i et internasjonalt perspektiv.
Vi ønsker denne prisen skal løfte og synliggjøre rollen som den viktige kulturaktøren Forsvarets musikk har vært opp gjennom tidene».

No kan Stortinget gjer det same!

Så, på tvers av departements- komite- og partiskilje; som dei ville sagt det der Erna kjem frå; sitt dåkkar sammen, og snakk sammen!!

…..så vert det nok ei råd!
Lukke til!!