– Vi har det veldig hyggeleg i Fitjar skulekorps, og huene har allereie kome godt til nytte på den fyrste friluftsturen, seier Kari Konglevoll Prestbø.

Aprilspøk

Det heile starta 1. april. På nettsida til Fitjar Skulekorps fekk alle beskjed om å måle omkrinsen på hovudet sitt og sende målet tilbaket til uniformsansvarleg. Meininga var at det skulle vere ein aprilspøk. Men før dette hadde korpset fått godkjenning på å vere med på prosjektet «Korps på friluftstur». Dermed vart planane endra.

"Korps på friluftstur"-hue. Foto: Kari Konglevoll Prestbø.

«Korps på friluftstur»-hue. Foto: Kari Konglevoll Prestbø.

 

– Vi fann ut at dette ikkje trengde bli med spøken og gjorde alvor av den. Vi fekk trådbutikken på Fitjar til å lage korps-på-tur-mønster og produksjonen var i gang, seier Kongelvoll Prestbø som sit i aktivitets og økonominemnda i korpset. I tillegg til dei 50 «vanlege» strikkahuene, har dirigenten Svein Roger Koppang fått ei spesiell utgåve.

– Ei mor fann ut at han måtte ha si eiga hue, og laga eige maestro-mønster til han, ler Kari.

Dirigent Svein Roger Koppang i Fitjar skulekorps i midten.

Dirigent Svein Roger Koppang i Fitjar skulekorps i midten.

Samarbeidsprosjekt

«Korps på friluftstur» er eit samarbeid mellom NMF Hordaland og Gjensidigestiftelsen. 60 korps søkte om å få bli med og 15 korps vart trekt ut. Fitjar skulekorps er eit av dei og vil motta 60.000 kroner som skal brukast til instrument eller musikalsk utvikling i korpset. Prosjektet er finansiert av Gjensidigestiftelsen.

Les: Turkalender
Les: Deltakere

Fitjar skulekorps på tur. Foto Helga Rimmereid

Fitjar skulekorps på tur. Foto: Helga Rimmereid

Spreie musikalske opplevingar

I samband med friluftslivets år skal korpsa ta instrumenta med ut i turløyper og spreie musikalske opplevingar i nærmiljøet. Målet er å få folk med på tur og skape positiv blest om dei lokale turstiane.

friluft

Rimvarden-tur

Fyrste friluftsturen for Fitjar Skulekorps gjekk  frå Parken, via Kongsbrønnen til Rimsvarden. Med stopp undervegs, speling iført flotte grøne korps-tur-huer, og rundt 50 frammøtte vart det ein spennande tur med korpsmusikk i løypene, trass i låg temperatur og regn i lufta. Odførar Wenche Tislevoll var også med.

Høgdepunktet på turen var då korpset let «Highland Cathedral» lyda utover den vakre Fitjarbygda.

Nokre utvalde musikantar stiller opp for fotograf Kari Konglevoll Prestbø.

Nokre utvalde musikantar stiller opp for fotograf Kari Konglevoll Prestbø.

Mange jern i elden

Dei to neste turane skjer til hausten. Og det er bra, for korpset er midt i førebuinga til NM skolekorps brass i Stavanger. Dei ligg ikkje på latsida der i garden.

– Her er det inga kjære mor, nei. Vi har det hyggeleg, men travelt. I tillegg til strikking, friluftstur og NM skolekorps, skal vi på jubileumstur til Tyskland i sommar. Korpset er nemleg 55 år i år. Huene skal sjølvsagt vere med til utlandet, men vi håpar å sleppe å bruke dei, humrar Kari.

Fitjarposten var med på fyrste turen.

Vaffelkonsert og overnatting i lavo

– Om vel ei veke skal vi ha «Vaffel- og taffel»-konsert i samband med ei øvingshelg. Det skjer saman med musikklaget i bygda. Ei anna øvingshelg ligg musikantane i lavo ute, og kanskje kjem huene godt med då.

Andre interesserte

Ho har høyrt rykte om at nokon andre vil strikke liknande huer.

Totalt er 15 andre korps med i «Ut på friluftstur»-prosjektet, og så her er det berre å hive seg rundt, eller finne på noko anna moro i korpset. Randi Kvinge er dagleg leiar i NMF Hordaland og synst hue-strikke-tiltaket er veldig kreativt.

Hypermoderne med sjølvdesigna huer

– Dette er fantastisk flott og ein god idé. Det viser at dei set pris på å få vere med på eit slikt prosjekt. Dessutan er strikking in i tida. Korpset er hypermoderne med sjølvdesigna huer. I tillegg har dei brukt profilfargane og det er ekstra stas.

Korpset ligg godt an til å vinne synlighetspris. For det korpset som gjer mest utav seg i lokalsamfunnet og i media kan vinne denne prisen, fortel Kvinge.

SAMSUNG