Aspirantkorpsdirigering på høgskulenivå og skulekorpsleiing ved NMH
For fyrste gong kan du studere aspirantkorpsdirigering på høgskulenivå i Sverige og vidareutdanne deg i «Skolekorpsledelse» ved Musikkhøgskolen i Oslo. Begge studia er samlingsbasert, og felles for begge er at du må dirigere korps i studieperioden. Frist for å søke: 15. april (2016).
Norges Musikkorps Forbund har vore sterkt inne i utviklinga av studiet i Sverige. Samstundes har NMF vore med i ei arbeidsgruppe ved Norges Musikkhøgskole og utvikla vidareutdanninga «Skolekorpsledelse».
Aspirantkorpsdirigent
Studiet ved Musikhögskolan Ingesund i Arvika i Sverige er utdanning for dei som jobbar med korpsmusikantar sitt fyrste år i samspel, eller aspirantkorpsdirigentar. Studiet heiter «Blåsorkestermetodik för nybörjarnivå» og gir deg 30 høgskulepoeng.
-Det eksisterer ikkje noko tilvarande studie i Norden, så det er fantastisk at vi no endeleg er komen så langt at du kan studere dette ved ein høgskule, seier Birgitte Grong som er NMF sin representant i dette arbeidet.
Grong er også ein av to hovudlærarar på studiet saman med Annmari Wangin.
Studieinnhald
Innhaldet i undervisninga er blant anna planlegging, dirigering, dirigentens rolle, repitisjonsmetodikk, samarbeidsformer m.m.
Opptak til studiet skjer frå 15. mars – 15. april 2016.
«Skolekorpsledelse»
I tillegg til utarbeiding av studiet i Sverige har NMF gjennom året site i ei arbeidsgruppe ved Norges Musikkhøgskole og utvikla vidareutdanninga «Skolekorpsledelse». Dette studiet er eit deltidsstudium som går over to år med 15 studiepoeng i året. Studiet tar føre seg heile skulekorpsløpet.
Her kan du lese meir om «Skolekorpsledelse» ved Norges Musikkhøgskole
Opptakskrav
Krav til opptak er bachelorgrad i utøvande musikk med ensembleleiing eller bachelor i musikkpedagogikk med ensembledidaktikk og –praksis.
Sentralt innhald i studiet er kunnskap om kva det betyr å dirigere eit skulekorps, samt fagdidaktisk kompetanse i å planlegge, gjennomføre og reflektere over den musikalske utviklinga i korpset, på kort og lang sikt.
Søknadsfrist på NMH 15. april.
Også Griegakademiet (GA) i Bergen i samarbeid med NMF har opptak for skulekorpsleiing i løpet av våren. Meir informasjon kjem i mars. På Universitetet i Bergen sine sider kan du lese om studiet.
Universitetet i Stavanger (UiS) køyrer vidare med Digitale dirigentstudier. Her er det godt med søknader. Fristen er gått ut.