Bergen Brass Band har samarbeidd med den kjende danske jazztrompetaren Jesper Riis i fleire år og er stolte av å presentera to av stykka hans, nemleg «Salutatio Sonans» og «Aftensang.»

«Aftensang» er basert på ein folketone frå Voss i Hordaland. Jesper Riis laga denne versjonen for BBB til eit Siddis program for nokre år sidan.

«Salutatio Sonans» er komponert for å heidra den danske komponisten Vagn Holmboe. Jesper improviserer mesterleg med trompeten på desse musikkstykka.

Dei to andre stykka er komponert av Webjørn Sæther, ein norsk komponist frå Langevåg på Sunnmøre. Han er også ein god venn av Bergen Brass Band.

I fjor spelte Bergen Brass Band saman med Webjørn Sæther og jazz trioen hans på Verftet.

«Råsa» er skrive for Bergen Brass Band sitt 70 års jubilieum i 2015 og «Kaule» er skrive til Damsgaard  Kjøkkelvik skolekorps i 2004. Jesper Riis improviserer på desse stykka også.

Musikken vart innspelt i Village Studio i København i oktober 2014.

Bergen Brass Band er stolte over å frigje musikken og for å samarbeida med så dyktige musikarar som Webjørn Sæther og Jesper Riis.