Norsk Kulturråd har fordelt 44,7 millionar kroner til 73 musikkgrupper, orkester, kor og vokalensemble for 2016. 14 er nye på ordninga for musikkensemble. Blant dei er Manger Musikklag frå Radøy.

Mange ulike prosjekt

Det kostar å drive korps og elitekorpset frå Nordhordland får litt meir å rutte med dette året. Pengane skal blant anna brukast til konsertproduksjonar, turnéverksemd, festivalar og konkurransar.

– Dette er kjærkomne pengar og dei vil gå med til alt vi skal gjennomføre i 2016. Vi er inne i ein sesong med tett og variert innhald. Akkurat no legg vi siste hand på verket til Festaften i Hordabøhallen saman med orkesterleiar og trombonist Even Kruse Skatrud og  songtrioen Underhaldningsvogna, seier Frantzen

Byr på variert musikk

Eit brassband er ikkje berre eit brassband med konkurranserepertoar og marsjar. Her vil Manger Musikklag by på både pop, rock, jazz, salsa, funk og disco av blant andre Michael Jackson, Beyonce og Earth Wind and Fire.

– Vi satsar på dette for å vise kva eit brassband kan gjere dersom ein legg breisida til, seier prosjektleiar for den tredje Festaften Håvard Skutle til avisa Strilen.

Oppslag i Strilen: Sisters, brass og dans

Profesjonalisering av kor

Dei største tildelingane i årets søknadsrunde gjekk til Nidaros domkirke og Vår Frues sokn for å opprette eit profesjonelt kor i Trondheim. Dette er ein del av regjeringa si satsing på profesjonalisering av korfeltet.

Tilskotsordinga for musikkensemble skal gje ensemble innan ulike sjangrar sjanse til å utvikle seg og gje dei profesjonelle vilkår for produksjon og formidling.

Store kostnader

Pengane MML er tildelt frå Kulturrådet skal difor også nyttast til andre prosjektproduksjonar. Blant anna skal korpset på turné nordover til Stormfestivalen i Måløy tidleg i juni, og allereie i april deltek dei på Oslo Brassfestival. Alt kostar pengar og korpset har store kostnader med alt dei deltek på.

– Det er ikkje alltid like lett å få endane til å møtast økonomisk sett, men vi er ein hardtarbeidande gjeng som tek på oss det vi kan av dugnader og konsertoppdrag, seier Frantzen.

Manger Musikklag er også heldige som har mange gode støttespelarar i ryggen, både privatpersoner, bedrifter og ikkje minst Radøy kommune. Desse er utruleg viktige for drifta av korpset.

– Støtta vi no får frå Kulturrådet gir oss økonomisk trygghet og ein sjanse til å satsa endå meir på å vidareutvikle korpset til nye høgder, sler Frantzen fast.