Kva er dine sommarplanar i år?

Er stort sett på sjøen om sommaren. Blir nok mest på kysten mellom Trondheim og Bergen.

Kva er din beste konsertopplevelse/og eller drillopplevelse?

Då vil eg nevne ein konsert eg hadde no nettopp med Marinemusikken i Horten. Den første halvoffentlige (inviterte gjester og venner av ensemblet) etter nedstenginga. Det opplevdes heilt rett å vere i gang igjen.

Kva er ditt favorittinstrument?

Må jo vere trompet/kornett det. Mitt eige instrument, som var ein stor og viktig del av min oppvekst.

Kva er ditt vakraste musikkstykke?

Godt spørsmål. Det forandrer seg heile tida. Er i konstant bevegelse og blir ofte det eg arbeider med akkurat då…

Kva planar har du til hausten?

Kome i gang igjen med frilanstilværelsen, undervisninga på UiB (Griegakademiet) og Manger Folkehøgskule. Og å vere på sjøen. Begynne å leve litt meir igjen.

Kva likar du best, å gå med sko eller gå berrføtt? 

Alt til sitt bruk… men lite slår å gå berrføtt på eit (plantasje) teakdekk på båten.

Kva er din favorittmat om sommaren? 

Må vere grillmat det. Og fisk. Grilla fisk 😊 Merker eg et ikkje so mykje om sommaren. Gløymer det liksom… Kanskje på grunn av varmen. Om det er varmt då.