Etter at Trond brått gjekk bort i desember i fjor er dirigeringa han ivra for sett i system. 23 snuttar ligg tilgjengeleg på på Universitetet i Stavanger (UiS) og på Youtube.

– Ingen ante kor viktig det skulle bli å få filma teknikkøvelsane med Trond Korsgård nettopp i fjor haust. Sjølv om Trond ikkje likte å bli filma, ville han sett pris på den store betydninga filmane vil få for dirigentutviklinga i landet framover, seier Birgitte Grong musikkonsulent i NMF og dirigentlærar.

Trond Korsgård (1966 – 2017) var førsteamanuensis i dirigering ved Fakultet for utøvande kunstfag. Han var en sentral figur i dirigentmiljøet ved UiS og vart høgt rosa i Norge for den musikk- og dirigentfaglege kompetansen sin.

Han ville sett pris på den store betydninga filmane vil få for dirigentutviklinga i landet.

Ein bauta

Kvart år i dei seks åra Dirigentuka har eksisert var det Trond som samla deltakarane i  Bjergsted for å varme opp til dagens oppgåver. I år blir det anleis.

– Trond blir sakna og det er vemodig at han ikkje er med oss lenger. Men to nye tek over for han, seier Morten Wensberg, leiar for Dirigentuka for 7. og siste gong.

Dei to som tek over etter Trond er Bjørn Sagstad og Mark Heron. Heron er ein anerkjent og populær britisk dirigent frå Skottland. Sagstad har dirigert ei rekkje framtredande korps, blant anna alle dei norske , svenske og danske militærkorpsa.

Nye høgdepunkt

Morten Wensberg fortel at årets kurs ligg an til å bli eit nytt høgdepunkt, med ein sterk lærarstab og med endå fleire praksisøvingar enn nokon gong tidlegare.

– Alt ligg til rette for ein innhaldsrik og utbytterik veke i Bjergsted kulturpark.

Les: Norges største dirigentkurs

I år er det blant anna mulig å kome på opne foredrag under Dirigentuka. Det er mange spennande foredragshaldarar. Blant andre er professor i musikkvitenskap ved UiO, Jon-Roar Bjørkvold hyra inn. Bjørkvold begynte si musikkariere som trombonist i Sinsen skoles guttemusikkorps og skal halde foredrag med utgangspunkt i boka «Det musiske mennesket».

Toppsjef i Tryg Espen Opedal har sjølv vore korpsdirigent frå 18-årsalderen og trekkjer parallellar mellom dirigenten i korpset og leiaren for ei stor bedrift.

Eline Moe Melgalvis i Dextra Musica held foredrag om konsertproduksjon, og Lotta Karlsson held foredrag om Timani-metoden.

Opne foredrag (Musikkorps.no)

Åpent program i Dirigentuka 2018 (UiS)