Med fokus på blant anna dirigentteknikk, metodikk og grunnleggande pedagogikk er 110 deltakarar samla på Bjergsted i Stavanger denne veka.

Dirigentar på alle nivå

Her møtest dirigentar på alle nivå, fagleg dyktige lærarar frå inn- og utland er inspirasjonskjelde og kjem med tilbakemeldingar til allereie etablerte dirigentar som vil lære meir. Men også heilt ferske og nye dirigentar får opplæring her.

Tor Andreas Walhovd kjem frå Torpa i Oppland. Han meldte seg på dirigentuka fyrste gong for fem år sidan, og etter det har han vore med kvart år.

– Ja, Torpa BygdeBrass vart starta året før og hadde ingen dirigent, så eg kasta meg ut i det. På Dirigentuka lærte eg å dirigere. Det var starten for meg som dirigent, fortel Tor Andreas.

– Kva lærer du her?

– Eg lærer alt frå slagteknikk, til mimikk. Det er ikkje berre å vere ein taktstokk som sler. Dirigenten skal få fram det beste i musikarane og samtidig vere ein advokat for komponisten som har skrive stykket. Og så er utfordringa å få korpset til å spele det du vil dei skal spele.

– Korleis er det å møte så mange andre dirigentar?

– Det er spennande å få dele erfaringar. Og det som også er spennande er at vi får innsikt i alle sjikt, frå amatørdirigering til orkesterdirigering. Og ikkje minst lærarane som er her, med all den erfaringa dei har – dei er enormt flinke, seier Tor Andreas.

Primus motor for Dirigentuka er Morten Wensberg. Her introduserer han Inger Anne Westby som foredragshaldar. Foto: Olga Wergeland/NMF

Primus motor for Dirigentuka er Morten Wensberg. Her introduserer han Inger Anne Westby som foredragshaldar. Foto: Olga Wergeland/NMF

Husorkester kvar dag

Dei mest ambisiøse dirigentane får dirigere Stavanger Brass Band eller Stavanger Symfoniorkester i mesterklasse-kursa. Den største gruppa blant deltakarane er med på «Dirigentkurset». Her får deltakarane dirigere kvarandre blant anna i Husorkesteret.

– Eg synst det er fenomenalt. Her følger dei meg, så godt dei kan, og her får vi ærlege tilbakemeldingar frå korpset. Visst dei ikkje forstår kva eg som dirigent meiner, er det min jobb å gjere det betre så dei forstår.

Blåsar – slagverkar – dirigent

Linn Iren begynte på konservatoriet med euphonium som instrument, men bytta til direksjon etter eitt år. Ho hadde slagverk som bi-instrument medan ho studerte, og spelar til vanleg i Stavanger Musikkorps av 1919. Med bachelor i korpsdireksjon hentar ho mykje inspirasjon gjennom å møte andre dirigentar i Stavanger.

Tor Andreas spelte tuba før han fanga interesse for dirigering. Han vil gjerne tilbake, men med to små born kjem det an på om han får «fri» til å reise på Dirigentuka neste år.

Internasjonalt tilsnitt

Dirigentuka blir stadig meir internasjonal. I år er det deltakarar frå blant anna Norge, Sverige, Danmark, Finland, UK, USA, Brasil og Portugal. Til saman er det vel 120 dirigentar som er samla i Bjergsted kulturpark denne veka.