Dirigentuka for 5. gong i år!
Tema for Dirigentuka 2016 er «Den gode øvelsen». Det er god påmelding, ein dyktig lærarstab og fleire gjesteføredragshaldarar klare til andre veka i august. Og no er programmet klart.
Dirigentuka 2016 har hyra inn fleire gjeste-føredragshaldarar. Inger Anne Westby, Frøydis Ree-Wekre og slagverksduoen Ivar Atle Fjordheim og Torbjørn Dahl kjem til Dirigentuka.
Som alle dei andre åra er lærarstaben sterk. I år er det ny rekord. Ny lærar er Mark Heron – britisk dirigent og dirigentlærar som til dagleg underviser ved Royal Northern College of Music i Manchester. Ny i år er også Rune Hannisdal. Han skal leie skulekorpsdirigentkurset.
Dirigentprofessor Atso Almila ved Sibelius-akademiet i Helsinki kjem, og han skal leie meisterklassane med Stavanger Symfoniorkester under Dirigentuka.
Hilde Høyvik Dahl og Annmari Wangin skal leie aspirantkorpsdirigentkurset.
Elles er det mange av lærarane som kjem år etter år: Bjarte Engeset, Peter Ettrup Larsen, Bjørn Sagsad, Trond Korsgård, Harald Eikaas, Birgitte Grong, Annmari Wangin og Morten Wensberg.