The Brazz Brothers stiller opp i år igjen på Ungdomskonferansen. Dei vil inspirere til kontakt med publikum, speleglede, mestring og suksess. Dei vil også ta ungdomane med på gehørspeling laurdagen.

For dei eldste i korpset

Ungdomskonferansen passar for korpsungdomar frå 14 – 20 år, altså dei eldste i korpset. Opplegget er ein kombinasjon av konferanse og organisasjonskurs. Her treffest ungdomar frå ulike musikkorps, utvekslar erfaringar og kan skape nye kontaktar.

Får inspirasjon og nye idéar

– Her blir ungdomane inspirert og kan ta med mange gode og nye idéar tilbake til korpset sitt. Her møtest dei ivrigaste ungdommane frå skulekorpsa frå heile landet, og er den største konferansen NMF arrangerer med tema for ungdom, seier prosjektleiar Håvard Hinsverk.

Amerikafararar

Andre kjende namn til ungdomskonferansen er James Swearingen (Tema: Teaching, learing and motivation) og Ed Huckeby (Tema: Teknikk for betre notelesing) Dei deltek også på symposia som skjer parallelt på Hell denne helga.

Programmet for Ungdomskonferansen 14. – 15. januar 2017
Påmeldingsfrist: 15. desember 2016

Sjå video: Tidlegare er det laga video frå Ungdomskonferansane

For alle arrangementa på Hell er det nyttårskonsert med Halsen Musikkforening. Dirigent: Espen Andersen og gjestedirigent Lars Erik Gudim på Scandic Hell Hotel. Nyttårskonserten blir arrangert for 20. år på rad og artistar i år er Frode Alnæs og Reidun Sæther.