Kaféen er fylt med glade menneske som vil ha seg ein pause. Midt i Oslo sentrum. Det er trangt mellom kaféborda. Katja Furnes har funne eit lite bord ved vindauget med utsikt mot Møllergata og det gamle erverdige Stortorvets Gjæstgiveri, eit knallgult hus med mykje historie.

– Å ta vare på miljøet og historia – det er viktig! Eg bur i Sagene bydel – der er dei flinke å ta vare på dei gamle husa og samtidig tenke nytt.

Katja Furnes har fått seg ein kaffi og har «blomstra» ved kafébordet, lenge nok til å hente inn kollega Anne for ein prat. Samtalen går lett, om gjenbruk av julepapir, hårfrisyre, mat, jobb og politikk. Ho er ei engasjert sjel og hentar fram minne frå barndommen, om ei mor som tok vare på det meste, laga mat frå botnen av og som stod opp for korpset og jobba dugnad.

Katja er genuint opptatt av å ta vare på jorda, gjenbruk er viktig for miljøet, ho tenker økologisk, er vegetarianar og har stor rettferdssans. I dag bestiller ho lasagne, utan kjøtt sjølvsagt.

– «Alle» er opptatt av kva dei skal ete og ikkje no til dags. Eg er opptatt av det også, men ikkje i like stor grad som før, seier ho i det ho tar ein munnfull pasta.

Inkludering  er hovudfokus

Jobben til Katja handlar om inkludering i Norges Musikkorps Forbund (NMF). Ho er prosjektleiar for inkluderingsagentprogrammet, og i NMF Øst er målet å nå språkleg minoritetar med fokus på lavinntektsfamiliar. I NMF Nordvest og NMF Hordaland har prosjektet retta mot born og unge som lever under vedvarande lavinntekt også kome i gang.

Den sprudlande dama er engasjert i jobben sin.

-Vi jobbar todelt no. Vi starta med menneske som har budd i Norge lenge. No vil vi inn i ein tidleg fase, med ein gong dei kjem til Norge, parallelt med at dei får seg bustad og jobb, så får dei også tilbod om aktivitet og innføring i kva korps og frivilligheit er frå fyrste stund.

– Eg elskar korps

Å vere med i eit korps handlar i hovudsak om musikalsk utvikling i eit sosialt fellesskap. I korpset er det plass til alle. Prosjektleiaren for inkludering veit kva ho snakkar om.

– Eg elskar korps! Eg begynte i korps som lita og har spelt trompet og fløyte og vore instruktør og dirigent i mange år. Å få jobbe med dette er også nyttig for meg personleg. Eg har budd i Vest-Afrika som lita i fleire periodar og er glad for å ha sett verda som meir mangfaldig enn berre trygge Norge. Og verda har forandra seg.

Inkludering gir livskvalitet

Ho vil vere til hjelp som brubyggjar og har jobba mykje med inkludering i andre jobbar ho har hatt.

– Eg er opptatt av å tenke «vi» og «oss», ikkje vi og dei. Det skal ikkje vere forskjell på oss. Fattigdom handlar ikkje berre om å ikkje ha råd til å kjøpe mat. Det handlar også om livskvalitet, at folk skal ha det bra og at eg kan vere med i prosessen å gjere det godt for enkeltmenneske, og gjere oss til gode borgarar. Å bruke musikk som middel for det, er kjempefint.

Eg er opptatt av å tenke «vi» og «oss», ikkje vi og dei

– Kor viktig er dette temaet i dagens samfunn?

Svaret gir ho nesten før ho har fått tenkt:

– Det er høgst reelt i dag. Vi er ein del av samfunnet og må ta samfunnsansvar og vere realitetsorienterte. Plutseleg måtte Norge ta stilling til debatten rundt hjelp til flyktningar. Då kunne NMF starte å handle med ein gong. Vi hadde allereie då jobba fram ein del tiltak som passa rett inn. Blant anna gjennom prosjektet PULSE Stronger Together. NMF brukar PULSE-deltakarane som verktøy i inkluderingsarbeidet og jobbar tett med korpsbyggaren i NMF og veiledarar i korps.

(PULSE Stronger Together er eit samarbeidsprosjektet mellom Fredskorpset/Field Band Foundation i Sør-Afrika og NMF. Målet er å vise korleis musikk bidrar til god helse.)

Positive styremedlemmer

Kafébesøket er over. Kontoret i Storgata er ikkje langt unna. Det er litt regn i lufta. NMF Øst som omfattar Østfold, Oslo, Akershus og Buskerud er komne lengst med inkluderingsarbeidet i NMF. Styret har vore, og er svært positive til problematikken.

– Det har vore ein lett jobb å gjere, fordi styret viser gjennom handling at dei meiner at dei vil jobbe med det. Ho er begeistra for haldningane.

Tema om inkludering engasjerer spesielt no for tida. Ekstra viktig er det at leiarar i organisasjonen framsnakkar, brukar sosiale medier og skriv appellar om kor viktig korps er i samfunnet. Katja legg ikkje skjul på at det er storarta at NMF si stemme blir høyrt hos politikarane – for å bidra til eit betre samfunn.

– Det er veldig fint at våre toppar meiner vi skal ta ansvar og at det er ein kollektiv forståelse av at dette er viktig. Dei ser ein heilskap der korps blir brukt som middel til inkludering.

Dei ser ein heilskap der korps blir brukt som middel til inkludering.

Alle som vil skal få bli med

Katja er lettliva og glad i humor. Ho kler seg gjerne ut og gler seg over sosiale samankomstar. Den aktive og arbeidsomme dama har mange år delteke på sommarkurs. I år var eit av temaene «dinosaur». Då fekk kreativiteten bein å gå på, og dei laga kostymer, kledde seg ut og hadde det veldig moro.

Det er viktig at alle som vil skal ha sjanse til å delta i korps. Det er eit av måla med jobben ho gjer.

– Ja, vi må legge til rette og ha verktøy som er gode nok til korpsa, men korpsa må gjere jobben. Eg har tru på at verda blir ein betre stad å vere ved å tilby korps-aktiviteten for dei som vil.

Populært å lage kostyme og kle seg ut på sommarkurs. Dinosaur var eit av temaene i år. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Populært å lage kostyme og kle seg ut på sommarkurs. Dinosaur var eit av temaene i år. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Eg har tru på at verda blir ein betre stad å vere ved å tilby korps-aktiviteten for dei som vil.

– Korleis vil kollegaene dine karakterisere deg?

Det blir stille, lenge. Det er neste så eg kan høyre ho tenkje.

– Eg blir kanskje omtalt som gira, at eg ofte er høgt oppe. I alle fall håpar eg dei seier at startar eg på noko, vil eg ta det i mål. Og så håpar eg dei meiner eg er målretta og får ting gjort. Og eg er prinsippfast, på godt og vondt. Rett skal verer rett og eg seier frå om noko er feil. Rettferda skal råde. Det tenker eg er viktig.

Nordnorske anar

Katja bur og lever i Oslo og eg spør om ho er Oslo-jente.

– Nei, eg kjenner meg ikkje som Oslo-jente! Store delar av familien min er blant anna nordfrå. Sjølv er eg født på Lillehammer, men vore veldig mykje nordpå i barndomen.

Kreativiteten og musikken går hand i hand for Katja. Ein tur ut i naturen gjer underverk for sjela. Då får idéane blomstre.  Ho komponerer også musikk sjølv.

– Å sjå film og høyre eit godt lydstrekk triggar skrivekløa. Eg får lyst å gå heim og skrive «The song of my life», seier ho bestemt, men også litt beskjeden.

Dirigert og instruert i mange år

Ho har bachelor i musikkvitskap med fordjuping i lyd, musikk og filmproduksjon. Ho har master og vidareutdanning i filmmusikk, og pedagogikk der hovudfokuset var på born og unge med spesielle behov og korleis undervise musikk for dei. I tillegg har ho administrasjon i fagkretsen sin.

Sidan ho var 16 år har Katja dirigert og vore instruktør i korps. Ho samanliknar aspirantar med elevane som har valt musikk på vidaregåande.

– Desse to gruppene er så dedikerte. Du får gjengen som lever og andar for musikken, dei får lære eit instrument og spelar saman. Det er det korps handlar om. Det er moro med denne jobben – å få bruke kunnskapen min, samarbeidsevna og pedagogikken som eg har.

Det er det korps handlar om – å spele saman.

Eksklusiv korpsoppleving

Ho viser til vinterferieveka med arrangementet VinterPULSE der 35 born frå 11 Oslokorps fekk delta i ei korpsoppleving av dei sjeldne. Med sørafrikanske musikarar frå PULSE-prosjektet som instruktørar møttest dei kvar dag for å lære heilt ny musikk, dans og song.

Sjå filmen: VinterPULSE

Og nettopp dette prosjektet ønskjer ho sterkt skal bli ein realitet også komande vinterferie, både for Oslo-born og born i Hordaland. Vinterferievekene er alt lagt  til veke 8 og 9. No gjenstår det å skaffe pengar. Det tar både tid og krev stor innsats.

– Vi er heile tida på jakt etter pengar til arbeidet med inkludering. Vi har fått ein startbuffer frå Kulturdepartementet, i Oslo/Øst er styret svært positive og vi har tidlegare søkt midlar hos LNU (Landsrådet for Norske barne- og ungdomsorganisasjonar). Eg har ikkje tal på kor mange timar vi har brukt på å skrive søknader. Det er ein kunst.

– Kor ligg hovudutfordringa for inkludering i korps? 

– Det er nettopp det vi jobbar med å finne ut. Det er ikkje enkelt. Det er ei stor utfordring å finne gode verktøy for å rekruttere og halde på musikantane. Mange gongar vil borna, men foreldra seier nei. Økonomi er viktig, men ikkje åleine. Også språklege barrierar, kultur og religion må vi ta omsyn til. Vi må også legge til rette med gode vegvisarar som rettleiarar gjennom blant anna korpsbyggarprosjektet «Bli betre få det betre» og hente inspirasjon i PULSE-prosjektet.

Det er ei stor utfordring å finne gode verktøy for å rekruttere og halde på musikantane.

Realitetssjekk er viktig

Det kan verke som mange korps ikkje er klar over korleis bildet ser ut. Realiteten samsvarar ikkje med den skulekrinsen dei høyrer til. Ei undersøking frå SSB viser at Oslo gjennomsnittleg har 40 prosent fleirkulturelle, medan korpsstyra trur dei har 19 prosent fleirkulturelle. Det viser ei undersøking NMF har hatt ute blant korpsstyra.

Ho viser til Albert Einstein sin definisjon på galskap: «Galskap er å gjere det same om og om igjen og forvente eit heilt anna resultat.»

– Kva meiner du?

– Det er eit fint sitat. Nokre korps har tatt denne realitetsjekken, medan andre gjer som dei alltid har gjort og tenker; vi inkluderer, alle skal med og det er godt nok. Men det er det truleg ikkje, meiner ho.

Å drive inkluderingsarbeid er ei lita reise.

– Vi trur kanskje dei som kjem frå andre land ikkje driv frivillig arbeid. Det er ikkje tilfelle. Eg trur bildet er meir nyansert. Eg jobbar frivillig på ein annan måte.

Tenkjer framover – heile tida

NMF jobbar kontinuerleg med strategiar som er berekraftige og kan fungere framover uavhengig av personar.

-Vi samlar trådar og går ut og spør andre om kva dei har gjort for å finne ut kor vi sjølve står og kva vi ønskjer. Framtida for korps er lys, målet endrar seg stadig og vi må strekke oss lenger. Glansdagane for korps på 70-talet kan bli ein realitet igjen, meiner ho.

Glansdagane for korps på 70-talet kan bli ein realitet igjen. Det har i alle fall eg trua på.

– Det må vere ein visjon for korps-Norge. Alle snakkar korps! Det har i alle fall eg trua på, seier ho med eit optimistisk smil rundt munnen.