Sjølv vart Antrobus overraska og rørt over å få NMFs hederspris «Musikanten».

Michael, (Mike) Antrobus kom til Nordhordland og Manger folkehøgskole hausten 1981. Utover på 80-tallet alternerte Mike mellom Manger ML og Eikanger-Bjørsvik Musikklag (EBML). Samtidig blei han engasjert som gjestedirigent for tallause korps rundt omkring i Norge.

Nyskapande og engasjert

Mike var nyskapande på repertoar og ein viktig grunn til at norsk brassbandrørsle framleis er open for nye tankar og retningar. Han engasjerte seg sterkt i Brass Band Klubben på 80 og 90 tallet.

Utover på 90-tallet tok Michael turen over fjellet til Austlandet og gjorde ein stor innsats for spreiing av brass-band kulturen der.

Heva nivået i hornmusikken

Nord-Odal hornmusikk (NOHM) kom i dialog med Mike våren 2011.

– Vi var i ein situasjon utan dirigent. Etter litt korrespondanse ringde Michael plutseleg tilbake og sa på sin særeigne mix dialekt: «Eg kan ta that job!». Han vart invitert til eit enkelt intervju og korpset hadde plutseleg ein høgt kvalifisert dirigent på plass. Han var ein større kapasitet enn vi i Nord-Odal faktisk forstod i starten, seier Harald Moen leiar i hornmusikken.

Han var ein større kapasitet enn vi i Nord-Odal faktisk forstod i starten, Harald

Avisa Glåmdalen var til stades på utdelinga av «Musikanten».

Mike kom med kompetansen sin, gode instrumentale råd, repertoaret sitt, arrangement og ikkje minst ein underfundig og erkebritiske humor og veremåte.

Michael Antrobus er også mykje brukt som lærar for unge dirigentar på sommarkursa til NMF.

Det er normalt eit Forbundstyremedlem som deler ut heidersprisen, men denne helga var det Landsmøte i NMF og prisen vart delt ut via ein video.

Musikkorps.no heng seg på og gratulerer så mykje!