Publisert 22/07/2021 - Oppdatert 28/07/2021 Maria fekk tidleg eit stort instrument, og enda opp med tuba til slutt. Foto: Privat. Forfatter: Håkon Mogstad

Sommarintervjuet - Maria Nygård Molund

– Det var aldri min tanke å bli dirigent. I dag er den utolmodige og engasjerte kvinna frå Fetsund dirigent på heiltid. Maria Molund har bachelor i tuba frå Musikkhøgskulen, master i direksjon frå England og ein master i korpsdireksjon frå Finland.

Det er inga romantisk historie Maria fortel om korleis ho enda opp der ho er i dag. Som frilans-tubaist i Oslo saman med 8 – 9 andre tubaistar var det kanskje berre tre veker i året ho fekk spele orkester, og litt spel i studio. Pengane strekte rett og slett ikkje til og ho tok tubaelevar som ekstrainntekt.

– Det var kjekt, men kravde alt av meg. Eg vart utruleg sliten, gav 110 prosent. Brydde meg litt mykje, gav alt, reflekterer ho i dag.

Etter kvart fann ho ut at det var lettare å dirigere større grupper og begynte å dirigere skulekorps og synst ho gjorde det bra. Så tok ho på seg å dirigere vaksenkorps som gav henne betre inntekt.

– Eg tenkte at visst eg skal drive med dette her resten av livet, kan eg ikkje holde på på det nivået her. Det var aldri i tankene min at eg skulle bli dirigent. Men eg gjekk på eit dirigentkurs på Hellsymposiet i Trøndelag. Det var fyrste gong nokon instruerte meg i dirigering. Bjørn Sagstad instruerte og sa at dette må du jobbe med, du har talent for det her. Kanskje han sa det til alle, men eg var naiv og trudde på det. Eg har formidlinga i meg, folk blir smitta av mitt humør. Kanskje eg skal bruke det og lære noko av det, tenkte eg.

Kanskje han sa det til alle, men eg var naiv og trudde på det.

Tidleg korpsjente

Maria starta korpskarriera si i Fet jente- og guttekorps. Ho var veldig lita av vekst, og har alltid vore kjempelita. Ho ville helst spele trompet, men fekk spørsmål frå dei vaksne om å spele baryton.

– Sjølvsagt ville eg spele det, stort og blankt instrument og masse messing! Foreldra mine var ikkje like glade for det, humrar ho.

Så fekk ho tubaisten i hovudkorpset som spelelærar og vart, som ho seier, «dødsforelska» i han og skifta til tuba – for då fekk ho sitje attmed han.

– Og det var heller ikkje foreldra mine veldig glade for.

Maria elskar å marsjere og spele marsjar,. Ho heng seg ofte på når korpsa hennar er ute og marsjerer. -Eg har sjølvsagt eiga dirigentuniform med ekstra striper og stæsj i begge korpsa eg jobbar i no. Her med dottera Margrethe. Foto: Privat.

Utfordringar som instruktør

Som 14-15-åring begynte ho å spele i Skjetten jente- og guttekorps i tillegg til Fet. Ho trengde utfordringar og fekk oppgåve som instruktør i Fet. Det vart ei bratt læringskurve, men også viktig erfaring å ta med seg.

– Eg hadde eigentleg null erfaring, skreiv musikken sjølv, enkle to- og trestemte arrangement og dei var nok ikkje veldig pedagogisk skrive og kanskje litt for vanskelege. Eg lurer på om dei eg instruerte fekk ein god start på korpskarriere si, undrar ho seg i dag. Men vi hadde det gøy lell, flirer ho.

Vi hadde det gøy lell.

Sommarkursa gav inspirasjon

Maria er ei av dei som har prøvd å slutte kvar sommar, heilt sidan ho starta i korps.

– Eg er ikkje ein spesielt tolmodig person. Passar vel eigentleg ikkje til å sitte still på ein stol. Men sommarkursa kvar sommar, det er noko av det kulaste eg kunne vere med på. Då sa mamma at eg måtte fortsette å gå eit år til. Det er noko av det gøyaste i NMF, så då var det verdt å gå eit år til då.

Til utlandet for å studere

Etter gode skussmål frå dirigentkurset med Sagstad på Hell, gjekk ferda til England i håp om å kome inn på Royal Northern College of Music. Ho hadde med seg opptak av Grorud Ungdomskorps som spelte Bohemian Rhapsody. Ho ler godt og lenge når ho fortel om lærarane som har ei hylle (Hall of fame) på kontoret med legendariske audition-tape som dei sparer på.

– Haha, der er eg! Som regel kjem ikkje desse inn, men eg kom inn likevel. Der fekk eg to år med vanvittig bratt læringskurve. Frå null til, eg veit ikkje om eg kan seie til 100, for eg nådde aldri så langt. Men det var ei aha-oppleving. Eg lærte sååå masse på dei to åra. Eg blei TOTALT forelska i det å vere dirigent. Eg har aldri forstått kva det vil seie å vere dirigent før eg kom dit.

Eg har aldri forstått kva det vil seie å vere dirigent før eg kom dit.

Alle som kjem inn har tenkt gjennom kva det vil seie å vere dirigent, medan Maria ifølge henne sjølv ikkje hadde heilt snøringa. Ho måtte lære alt frå botnen av.

– Eg skulle gjerne ha vore ti år yngre. I år blir eg 42, men eg har tenkt å leve til eg blir 100. Det gjorde oldermora mi, så det har eg også tenkt å gjere, sler ho oppriktig fast.

Fire av fem medlemmer i Oslo Dirigentkollektiv. (Ante Skaug mangler på bildet). – Eg har rett og slett laga eit kollektiv saman med  gode venner for å treffast og snakke om direksjon. På bildet er Tanja Ikonen, Philip Hannevik og Jon Terje Svendsen og Maria Nygård Molund. Foto: Privat

Dirigentrolla

Då ho var ung og naiv og trudde alt var enkelt, starta ho ABUK, Asker og Bærum Ungdomskorps. I ti år jobba ho der og gjorde alt og lærte mykje gjennom det korpset. No dirigerer ho Bjølsen Ungdomskorps, Jernbanens Musikkorps Oslo, har sagt ja til å vere dirigent i HOKK, Hedmark/Oppland kretskorps og har starta Dirigentkollektivet saman med dirigentvener. Ho jobbar også med profesjonelle orkester og korps, og har mykje prosjekt her og der. Med ulike korps må ho alltid tenke kven ho står framfor.

– Det som er styrken min er engasjementet og kjærleiken til musikken. Men eg brukar kanskje ulikt språk, tilpassar opplegget og har som grunn-idé og fokus på at dei skal bli like forelska i musikken som meg. Det er likt for alle, uansett type korps.

– Kva får du tilbake som dirigent?

– Det er litt forskjellig om det er med amatørkorps eller profesjonelle. Det er ulikt frå øving til øving. Nokon gongar må vi begynne på nytt kvar veke. Men neste gong kan eg gå heim med ein mestringsfølelse fordi det høyrdest bra ut og musikantane er fornøgde. På eit meir profesjonelt nivå merkar eg gleda av å kommunisere gjennom musikken ved at dei små tinga fungerer. Dei profesjonelle pusher meg og gir meg rom. Eg treng begge.

Etter eg fekk barn har eg og to av mine musikarvenner med barn i samme alder, gjort ein del barneshow gratis der barna går. – Det er utrolig gøy, og flott måte å gje noko ekstra til barna. Vi er kjendisar i barnehagane, og alle i barnehagen til barna mine veit at eg heiter brokkoli 😂 På bildet: Ante Skaug og Britt Haaland. Foto: Privat

Dirigentuka bind saman

Dirigentuka i NMF er ein viktig arena for å møte andre dirigentar. Maria har vore der mange gongar og kom tidleg i gruppa til Stavanger Symfoniorkester (SSO). Det førte direkte til at dei ville gjere eit prosjekt med henne. Dirigentar utviklar seg best når dei får dirigere profesjonelle, meiner ho. Då kjem finteknikken på plass.

– Den veka har ført meg inn i den profesjonelle marknaden. Med utdanning frå utlandet, har vi ikkje eksamen frå det norske systemet. No har eg fått mange kontaktar og gitt meg eit nettverk av dirigentar. Blant anna hadde eg dirigentelevar i ABUK som no er under utdanning. Det var spennande å møte dei på same arena og vere «studentar» saman.

Ivrig dirigent i aksjon. Maria dirigerer både amatørkorps og profesjonelle orkester. Foto: Privat.

Alle bør prøve å dirigere

Den engasjerte og ivrige musikk- og korpskjære Maria ivrar for mange ting, men særleg ein ting står hjartet hennar nær.

– Eg meiner at alle skulekorps skal ha dirigentundervisning. Det er kanskje ikkje alle som likar det, eller passar til det, men det bør vere ein naturleg del å stå framfor korpset og dirigere. Eg har gjort det i mine korps. Det å lære direksjon er som å lære eit instrument, å få teknikken i det. Eg begynte i slutten av 20-åra. Det er eigentleg for seint. Små barn lærer seg teknikken utan å måtte tenke på kva dei lærer. Alt frå 5 år skal dei så ofte som dei kan spele konsert, så det blir heilt naturleg ting å spele konsert, og også stå framfor og lede ei gruppe.

Små barn lærer seg teknikken utan å måtte tenke på kva dei lærer.

Pandemiåret

For Maria har pandemiåret vore eit år utan mestringsfølelse. Men ho meiner ho har kome veldig heldig ut av det samanlikna med mange andre. Ho har to små barn, (på 3 og 5 år) som tel akkurat no.

– At eg har hatt god tid med familie rundt meg og meir tid med barna har vore godt. Elles har det vore mykje reising. Men eg har hatt nettøvingar heile året, foredrag, blåse-workout, og prøvd å gjere andre ting på nett.

Digitale marsj-øvingar

Før 17. mai i år gjekk ho saman med NMF og kollegaer i Oslo Dirigentkollektiv for å inspirere til marsj-øving digitalt. Maria var drivkrafta i øvingane saman med gode dirigentvener. Her fekk dei som deltok gode tips og triks som alltid er lure å ha med når ein skal spele marsj-repertoar. Hennar gode humør smitta over på deltakarane.

– Fokusert mitt har vore at eg skal lære meg noko nytt. Eit år går fort, når ein er 41. Dessutan trur eg mange er lei av å sitte framfor skjerm og gler seg til å samlast igjen. Vi er tørste på å gjere aktiviteten vår fysisk saman igjen.

Vi er tørste på å gjere aktiviteten vår fysisk saman igjen.

– Kva fritidsinteresser har du?

– Eg likar å vere mykje ute. Med små barn går mykje av mi tid til dei. Dirigentkollegaen min og beste venn, Tanja Ikonen er min personlege trenar og dreg meg ut på tur, i skog og mark, og vi har fine samtalar. Maria anbefaler andre dirigentar å ha ein ven som snakkar dirigent-nerde-ting.

– Alle dirigentar treng ein god venn som er dirigent. Ingen andre som gidd å høyre på dirigentsnakket vårt, så det er viktig. Og så steppar eg kvar tysdag og spelar i tubakvartetten «All About That Bass» på fritida mi, ein tubakvartett med berre jenter.

Maria og Tanja Ikonen på tur. Dei likar å stoppe og kose seg med kaffi og dirigentprat. Foto: Privat.

– Kor går ferieturen?
– I år blir det Norges-ferie for familien. Dei reiser der dei har barnevakt, til mor hennar eller til hans familie.

-Har ungane det bra, har vi det bra, seier ho.

Kor lat har du planar om å vere i sommar? (1=litt, 10=ekstremt)
-Eg trur eg vil seie minus 1. Det blir ingen latskap på meg med dei planane eg har lagt for sommaren. Ein lat dag heime med borna er «katastrofe», så vi har lagt opp til turar. Dessutan er eg tørst på litt meir arbeid. Eg skal jobbe på blått sommarkurs i Skjeberg og blått kurs i Viken. I tillegg kjem eg til å ha med meg litt partitur. I år har eg ikkje jobba ordentleg partitur. Så nei, eg ser ikkje for meg ein så veldig lat sommar.

Kva klarer du deg ikkje utan om sommaren?
-Eg likar ikkje varme lenger. Greier meg ikkje utan aircondition. Vi har to i huset for å kjøle ned soveromma, der er det kjøleskaptemperatur. Og IS, eg et mykje is om sommaren. Det handlar om å kjøle seg ned, ler ho godt.

Den ultimate sommarlåten:
Scared Of Heights med Espen Lind – han har jo med tuba. ❤️❤️

Favorittmat:
Alt eg kan legge på grillen. Eg har ein romantisk ide om å lage mat ute og berre vere ute, det er veldig nydeleg!

 

I sommar har vi gjort sommarintervju med fleire personar. Du finn intervjuet i lenkene under når dei er publisert:

Loading