Året er 1982, åtte år gamal begynner Espen å spele i Gjellerås skolekorps. To år etter er korpset slått saman med Skjetten jente- og guttekorps der han er medlem til han er 19 år.

Nakstad begynte i korps fordi han hadde sett korps marsjere i gata, korpset spelte konsert på skulen, og ein bestekompis spelte baryton som han fekk prøve, og som han seier;

– Når armane var lange nok, begynte eg å spele trombone.

Han har hatt eit langt korpsliv som trombonist. Han spelte i det som den gong var Norges Nasjonale ungdomskorps (NNUK) og fortsette i Skjetten ungdomskorps. I dag spelar han litt dann og vann, nokre julekonsertar, litt med gamle korpsvenner og saman med sonen som også er blitt trombonist.

– Kva faktorar spelte inn for å fortsette å spele?

– Det var musikken. Vi var eit godt korps, deltok i nordisk meisterskap og vann også NM fleire år på rad. Vi hadde mange morosame konsertar, bla showkonsertar kvar haust, vi marsjerte 17. mai og spelte for konfirmantar i korpset, hadde eige storband og eg var med i ein messingkvintett som hette «brass boys». Dessutan var vi mange – nesten 200 spelande medlemmer. Vi reiste på turar, deltok på NM, var på utanlandsreise og gjorde mykje som var gøy, saman med andre korps og ulike artistar

Korps er samspel

Med andre ord hadde han eit rikt og lærerikt korpsliv. 17.mai var han med i NRK-sendinga og snakka varmt om korps og at korpsbevegelsen er meir enn 17.mai. Korps er ein flott læringsarena og Nakstad meiner det er viktig for barn og unge å lære seg eit instrument og spele saman.

– Eg trur det ligg ei musikkglede og musikkforståing som er vanskeleg å få om du ikkje spelar eit instrument. Du nærmar deg musikken på ein annan måte når du lagar musikk i samspel med andre. Det å lære notar tidleg har ein glede av resten av livet. Han kallar det å bli ein «musikklikar».

Du nærmar deg musikken på ein annan måte når du lagar musikk i samspel med andre.

Espen Rostrup Nakstad saman med trombonerekka på julekonsert med Skjetten. Foto: Privat.

Espen Rostrup Nakstad heilt til høgre saman med trombonerekka på julekonsert med Skjetten. Foto: Privat.

Generasjonen etter han er nok blitt positivt påverka. For dei to borna hans spelar også i korps. I skulekorpset er begge foreldra engasjerte, men kona tar mest ansvar.

– Men eg stiller opp når det trengst, på dugnader og liknande, påpeikar han.

Høgt verdsett byråkrat

Trombonisten, legen og juristen frå Skjetten er blitt rikskjendis. Sidan statsminister Erna Solberg måtte stenge ned landet 12. mars i fjor, har han svart på tallause spørsmål i media. Sjeldan har viktig informasjon blitt delt på ein så fin måte. Han har fått tusenvis av følgjarar på Facebook-grupper som vil hylle den kunnskapsrike og meidaflinke mannen. Ein skriv at «Han er den mest elska byråkraten i landet.» Dei siste 15 månadene har vore høgst spesielle for den kunnskapsrike byråkraten.

– Dei har vore travle, det er ikkje noko meir å seie om det. Det har gått fort, og det har vore mykje å gjere. Eg merker at eg følgjer dårleg med på for eksempel tidsaktuell musikk. Eg veit ikkje kven som fekk Spelemannsprisen i 2020 eller kven som ligg øvst på strøyme-listene på Spotify. Eg har hatt eit dårleg musikk-år og eit dårleg kultur-år, men jobba mykje.

Eg har hatt eit dårleg musikk-år og eit dårleg kultur-år, men jobba mykje.

Framtida kjenner ingen

Vi har lagt bak oss eit år med avgrensa fridom. I skrivande stund er trinn tre i gjenopningsplanen iverksett. Nakstad trur det kan gå bra med gjenopninga mot sommaren. Men som statsministeren har sagt, er det nokre mørke skyer på himmelen som vi må følge med på.

– Derfor er det vanskeleg å seie nøyaktig kor ting blir i haust. Men vi har alle muligheter å komme oss ut av denne pandemien for Norge sin del, ganske snart.

– Er du lei av spørsmål om korona?

– Det er kjekkare å svare på musikk-spørsmål enn korona-spørsmål, ler han. Men ja, eg blir nok litt lei særleg av spørsmål om kor eg trur sommaren blir. Sanninga er at det er det ingen som veit, anna enn ei kjensle av kva vi trur.

Espen Rostrup Nakstad, assisterende helsedirektør har hatt eit travelt år. Foto: Finn Oluf Nyquist/Helsedirektoratet.

– Har pandemien forandra deg?

– Nei, det trur eg faktisk ikkje, kjem det kontant. Eg har vore heldig og hatt ein jobb å gå til, sjølv om eg ikkje har vore veldig sosial eller møtt mange venner det siste året. Eg har hatt det så pass travelt at tida har flydd av garde. Nei, eg har ikkje endra meg.

Eg har vore heldig og hatt ein jobb å gå til, sjølv om eg ikkje har vore veldig sosial

Forfattar

Trass mykje jobb har han funne tid til å ferdigstille boka «Kode Rød», om krig, håp og kjærleik i pandemiens til. Etter planen skulle den allereie vere på marknaden. Men etter konsentrert skriving i feriar og seine kveldstimar er boka no ferdig og kjem til hausten.

– Det var så mykje meir å skrive om. Den handlar litt om pandemien, men mykje om andre ting også. Eg håpar den er interessant å lese og trur mange vil sitte igjen med kunnskap og ting dei ikkje visste før dei las boka.

Fritidsinteresser

Av andre interesser han likar å prioriterer er å kome seg ut på ski om vinteren og sykkel om sommaren. Musikken er sjølvsagt viktig, men andre kulturaktivitetar har blitt nedprioritert. Han er god på å skilje mellom jobb-tid og fritid. Det er ein god eigenskap å klare å kople av jobben når den er gjort, men han koplar raskt på igjen om det er nødvendig.

– Det eg har fått tid til i det siste er jobb, sykkel og sove eigentleg.

– Korleis ser du hausten for deg?

– Eg skal nok fortsette å jobbe med pandemien til den er ferdig, og så tar eg eit år av gangen og ser kor det er mest behov for meg.

Sommaren 2021

– Ein perfekt sommardag, korleis ser den ut for deg?
– Å vakne til sommar og fuglekvitter, utkvilt og med godt ver. Det spelar inga rolle om det er telt, hytte eller båt, berre det er godt ver.

– Kor går ferieturen i sommar?
– Visst eg kjem meg til Sverige i løpet av sommaren er eg fornøgd. Det er lenge sidan eg har besøkt svigerforeldra mine i Sverige. Bortsett frå det har eg ikkje så store ambisjonar å komme meg så langt av garde i sommar.

– Kor lat har du tenkt å vere i sommar? (På ein skala frå 1-10, der 10 er ekstremt lat)?
– Eg har ikkje tenkt å vere spesielt lat, kanskje ein 2-ar. Eg vil gjere ting, andre ting enn det eg gjer til vanleg. Ein plan er sykkelturar, vere mykje på sjøen og gå i fjellet.

– Kva er din ultimate sommarlåt?
Eg har mange låtar som eg likar, men den eg hugsar best då eg sat i bilen på veg til sommarferie er: One Summer med Daryl Braithwaite.

– Kva er favorittmaten din?
Ulike salatar og reker er godt om sommaren.

I sommar har vi gjort sommarintervju med fleire personar. Du finn intervjuet i lenkene under når dei er publisert:

 

Torsdag 1. juli – Rita Hirsum Lystad
Mandag 5. juli – Sondre Lerche
Mandag 12. juli – Jørgen Lund Karlsen
Torsdag 15. juli – Marit Bakken
Mandag 19. juli – Ulf Rosenberg
Torsdag 22. juli – Maria Molund
Mandag 26. juli – Birgitte Brekke