Regionstyret kallar inn til ekstraordinært regionting i NMF Nordvest etter vedtak i sak 4.1 frå ordinært regionting april 2021:

     Sak 4.1 – Regionstruktur

Forslag frå kontrollkomiteen: Kontrollkomiteen foreslår å utsette saka til ekstraordinært regionting slik at man
får gjort ein skikkeleg utgreiing i forkant og får forankra dette ordentleg
»

     Vedtak: Forslaget frå kontrollkomiteen vert vedtatt med 22 mot 16 stemmar.

Tid og stad:
Tinget finn stad på, Gloppen Hotell, Sandane laurdag 20. november 2021 kl.13:00.

NMF har som mål at minimum 20 % av dei tillitsvalde på alle nivå skal vere ungdom under 26 år. Vi oppfordrar derfor alle korps til å sende ungdomsrepresentantar.

Påmelding delegatar og observatørar
De meldar delegatar og eventuelle observatørar på via påmeldingsskjemaet nederst i denne saka. Her huker de også av om de deltar fysisk og treng overnatting, eller om de deltar digitalt. Frist er lik som fullmaktsskjemaet, 20. oktober 2021.

Fullmaktsskjema
Fullmaktsskjemaet skal vere underteikna og innehalde namn på delegatar. Frist for å sende inn fullmaktsskjemaet er 20. oktober 2021.

Last ned fullmaktsskjema her: Fullmaktsskjema ekstraordinært regionting 2021

Sakspapir
Sakspapira sendast til påmeldte delegatar og observatørar primo november. Sakspapira leggjast også ut under fanen dokumentar slik at dei er tilgjengeleg for alle våre medlemmar.

Digital eller fysisk deltaking?
Til dette regiontinget kan delegatane velge om dei ønsker  å delta fysisk eller digitalt. Vi brukar GoPlenum som fellessystem for votering, sette seg på talarliste etc.

Pris
Under regiontinget 2017 vart det bestemt ein ny finansieringsmodell for gjennomføring av regiontinget. Formålet er å gi alle korps, uavhengig av kor dei har tilhald i regionen, like kostnader for deltaking på regiontinget. Det er også andre regionar i NMF som nyttar denne modellen. Vedtaket i sak 4.2 i 2017 – Auka deltaking på regionting, er slik:

1. Regiontinget sluttar seg til prinsippet om at reisekostnad skal være lik uavhengig av kvar i regionen medlemmene har tilhald.

2. Regionstyret får ansvar for å utarbeide ein modell for gjennomføring og fastsetjing av beløp.

3. Eit eventuelt overskot blir øyremerka regionkorpsa i NMF Nordvest.

I styremøte 6/2021 vedtok regionstyret i NMF Nordvest:
Regionstyret følger vedtak i sak 4.2 frå regiontinget i 2017 om auka deltaking på regiontinget. Prisen for det ekstraordinære regiontinget vert sett til kr 500 pr. aktive korps i NMF Nordvest. Prisen dekkjer alle reise og opphaldskostnadar for inntil 2 delegatar frå kvart medlemskorps.  Bruk av privat bil vert dekt med kr 3,50 pr/km,-.

Innkalling og fullmaktsskjema
Innkalling og fullmaktsskjema som nedlastbart dokument: Innkalling til ekstraordinært regionting 2021+ fullmaktsskjema

Distriktsmøter
Som en del av forberedelsen til møtet inviterer vi til distriktsmøter. Tanken er at korpsene i samme geografisk område skal kunne få diskutere saken før vi møtes til det ekstraordinære regiontinget. I tillegg er det et møte hvor vi i NMF Nordvest gjerne vil høre hvordan din korpshverdag er. Hva kan vi bidra med og hva kan vi finne ut av sammen? Les mer om distriktsmøtene