Er du dirigent - søk digitale studier!
Ved Universitetet i Stavanger (UiS) kan du studere direksjon, samtidig som du dirigerer ditt eige korps. Digitale dirigentstudier og Digitale skolekorpsstudier gir begge 30 studiepoeng, er digitale og går over eit år.
Frist for å søke begge studia er 1. mars!
Dirigentstudier ved UiS gir fagleg påfyll, du møter andre i liknande situasjon og øver/trener med eige korps. Begge dei to kursa er utvikla i nært samarbeid med Norges Musikkorps Forbund. Som eit resultat av NMFs nasjonale dirigentnettverk 2013-2015, skulle NMF bygge opp kursmodular til dirigentar.
Samarbeidsprosjekt
Trond Korsgård og Birgitte Grong fekk oppgåva med oppbygginga. Under utviklinga fekk Universitet i Stavanger med Morten Wensberg i spissen midlar til å utvikle Digitale dirigentstudier mynta på korpsdirigentar med ønskje om eit studium for skulekorpsdirigentar som påbygging.
– Det enda med eit spennande samarbeid der NMF stod for utvikling av innhaldet. Dette er basen i Digitale skolekorpsstudier og som også kunne brukast som fagleg innhald i Dirigentnettverk i NMF. Slik vart det faglege tilgjengeleg for mange, og om nokon vil gå meir i djupna for å få studiepoeng, er det mogeleg, seier Birgitte Grong.
Les sluttdokumentet Dirigentnettverk NMF 2015
– Kor viktig er det at dirigentar får fagleg påfyll?
– Dirigenten er ein avgjerande ressurs i korpset. Å få fagleg påfyll kan like mykje handle om å få vite at det ein gjer er bra og forstå kvifor noko verkar. På grunn av få tilbod om utdanning i korpsdirigering har mange dirigentar funne eigne måtar å løyse undervisninga på. Ved å få fagleg påfyll direkte knytta opp mot korpsopplæring får dirigenten utvida verktøykassa både pedagogisk, organisatorisk og dirigent-teknisk. Då blir det lettare å lykkast med arbeidet i korpset.
Ein annen ting Grong peikar på er at det er viktig å halde oppe engasjementet i eit langt arbeidsliv.
– Det er enklare å få til når ein kjenner at ein meistrar jobben, er i utvikling og møter andre dirigentar som ein kan dele erfaringar med.
Ville slutte som dirigent
Å få kontakt med andre dirigentar kan Ingrid Øien skrive under på. Ho var på nippet til å slutte som dirigent før ho fekk ny inspirasjon gjennom studiet.
– Eg hadde i grunn lyst til å gje meg som dirigent, men det faglege påfyllet i studiet fekk meg til å fortsette. Ho dirigerer blant anna Horg og Flå skolekorps, Soknedal og Støren skolekorps og Horg musikkorps i Trøndelag. Eg har fått ein ny giv, seier ho.
Les meir om Øien si oppleving av studiet.
No ser eg lyst på tilverelsen som dirigent.
Digitale skolekorpsstudier er retta mot alle som jobbar med skulekorps. Det er ikkje «eit must» å ha gjennomført Digitale dirigentstudier fyrst, men ein fordel.
Anbefaler dirigentar å ta utdanning
Johnny Skjerven dirigerer skulekorps og er messinglærar i kulturskulen. Han har tatt begge kursa ved UiS og anbefaler dei på det sterkaste.
-Absolutt! Det er eit kurs for dei fleste som driv med dirigering i skulekorps, men også vaksenkorpsdirigentar vil ha utbytte av dette. Det er to studium som til saman gir eit godt grunnlag for å kunne utføre jobben som dirigent og bli betre til det.
Les alt Skjerven meiner om kursa han har gjennomført.
Lyst og motivasjon
Harald Eikås, tidlegare musikksjef i NMF og no avdelingsleiar for klassisk musikk ved UiS seier studiet gir dirigentar mange nye verktøy i ein elles einsam jobb. Men det viktigaste:
– Studenten/dirigenten må ha lyst og motivasjon til å lære.
Eikås og Øien var gjest i podkasten Ambis.
Studia gir studentane fagkunnskap og inspirasjon tett knytt opp mot praksis i eige korps. Undervisninga skjer samlingsbasert over nettet og passar for alle korpsdirigentar som ønskjer ekstra påfyll. Dirigentuka, 9.-13.aug 2021, er ein del av kurset.
Sjekk ut tilbodet og søk:
Digitale dirigentstudier (søk)
Fagstoff ope for alle: Digitale dirigentstudier (MOOC, massive open online course)
Digitale skolekorpsstudier (søk)
Fagstoff ope for alle: Digitale skolekorpsstudier (MOOC, massive open online course)
HUSK: Søknadsfristen er 1. mars!
Merk! Endring i opptakskrav pga. Koronapandemien: For opptak til hausten 2021 vil det ikkje bli kravd video som vurderingsgrunnlag for søkjarar til Digitale dirigentstudier og Digitale skolekorpsstudier.