Reid Gilje

Reid Gilje er ein svært dyktig dirigent og har vore Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Strusshamn Musikkforening sin faste dirigent i ei årrekkje.

Gilje er ein allsidig musikar med bakgrunn som kornettist frå Stavanger Brass Band, Krohnengen Brass Band, Norges Nasjonale Ungdomskorps og HMK Gardes Musikkorps, og som flygelhornist i Norges Ungdoms Brassband og Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Gilje er aktiv frilansar på trompet innan sjangrane pop, rock og jazz. Han har hatt fleire oppdrag i TV, teater- og showproduksjonar. Som fast medlem av Bergen Big Band har han dessutan vore involvert i samarbeidsprosjekt med Andy Sheppard, Ernie Watts, Joe Henderson, Martial Solal, Sissel Kyrkjebø m.fl.

Reid Gilje har dirigentutdanning frå Griegakademiet og har dirigert fleire av dei beste brassbanda i Norge og i England og fleir av forsvarskorpsa i Norge. Han blir i tillegg mykje nytta som instruktør på seminar og sommarkurs landet rundt.

Rune Hannisdal

Rune Hannisdal er dirigent for Manger Musikklag, Hordaland Ungdomskorps, «Swedish National Windband», og han er orkesterpedagog i Bergen Filharmoniske Orkester. Tidlegare var han dirigent for Manger skulemusikklag (2006-2010) der han og korpset fekk fire av fem sigrar i 1. divisjon i NM skolekorps brass.

Han er utdanna trombonist ved Musikkonservatoriet i Bergen (no Griegakademiet) og ved Guildhall School of Music i London.

Rune vart tildelt eit arbeidsstipend frå NMF i 2014 for mentorarbeid og dirigentrettleiing i NMF for å utvikle gode dirigentar som skaper motivasjon og vekst gjennom leiing.

Tove Hagen

Tove Hagen er dirigent for Rendalen Musikkorps i Rendalen. Orden, planar og entusiasme er Tove Hagen sitt varemerke. Ho er inkluderande. Ho er fagleg dyktig og har ein ibuande musikalitet som dei fleste berre drømmer om. Ho elskar bygda si, musikken og musikantane, og ho viser det. Ho har eit engasjement som kan snu om på dei fleste og ho ser kvar enkelt, set ting på plass når det trengs og er flink til å gje ros.

Tover ser kva korpset treng og fyller rolla som dirigent. Ho puttar musikkteori innimellom spelinga på ein god måte. Ho er systematisk og legge til rette så alle i korpset får utfordringar. Ho er pådrivaren for at korpset tenker langsiktig og variert. Korpset speler både klassiske verk, tradisjonell korpsmusikk så vel som meir showprega musikk. Ho lærer medlemmene til å forstå kvifor det er viktig å utvikle seg musikalsk.

Tove er utdanna ved Universitetet i Oslo og Norges Musikkhøgskole. Ho har vore instrumentlærar, skulekorpsdirigent og rektor ved Rendalen og Stor-Elvdal kulturskoler.

Hagen har alltid vore ei dame med iver etter å lære. Sjølv spelar ho cello, fele, fløyte og saksofon. I tillegg komponerer og syng ho. Ho er yrkesmusikar på heimtraktene og kombinerer jobben med dirigering og symfoniorksteret i Rendalen. Der er ho også vikardirigent for orkesteret.

Ho deltar på digitale dirigentstudier på UiS for å bli ein betre dirigent, få nye impulsar og skape utvikling. Ho er svolten på ny kunnskap og formidlar det til korpsmusikantane på ein fortreffeleg måte.

Ho har vore med på å gje ut plater saman med «Majorstuen» og «Fra de mollstemte skoger». Ho har halde mange konsertar både innanlands og utanlands og vunne fleire prisar. Ho vart kåra til Årest folkesmusikar i 2005.