FeriePULSE: Ullensaker og Harstad får stimuleringsmidlar
– Dette er kjempegøy. Vi vart veldig glade for pengar til prosjekt FeriePULSE, seier leiar for Jessheim, Hovin og Mogreina skolekorps Karianne Kjos Ødegård.
– I samarbeid med to andre skulekorps i kommunen og med kulturskulen skal vi ha vårt fyrste møte om dette 10. juni, så vi må nok planlegge for aktivitet til hausten, .
I samarbeid med Norsk kulturskoleråd (NKR) lyste Norges Musikkorps Forbund (NMF) i april ut stimuleringsmidler for at korps i samarbeid med kulturskular skal kunne tilby musikkseminaret FeriePULSE i sine lokalmiljø! Tilskotsordninga er finansiert med midlar frå Kulturtanken og Norsk musikkråd til to prosjekt. Totalt søkte 10 kommunar om midlar.
Den eine tildelinga går til Harstad kommune i eit samarbeid mellom Harstad kulturskole og Harstad Skoles Musikkorps .
– Vi er 74 medlemmer i korpset og har ein drilltropp på 30 som konkurrerer. Vårt ønskje er å få til samhandling med andre drilltroppar for å kunne konkurrere i nærområdet, utan å måtte reise land og strand rundt, seier leiar i korpset Bente Normann.
Samarbeidet med kulturskulen er viktig både med tanke på dans og musikk
– Vi har planar om eit drillseminar i august før skulen startar. Samarbeidet med kulturskulen er viktig både med tanke på dans og musikk. Korpsmedlemmer får fortrinn til einetimar i kulturskulen. Det er vi veldig glad for og FeriePULSE-prosjektet vil styrke samarbeidet, seier Normann.
Viktig med aktivitet
Den andre tildelinga går til Ullensaker kommune i eit samarbeid mellom Ullensaker Kulturskole, Kløfta Skolekorps, Ullensaker Skolekorps og Jessheim, Hovin og Mogreina Skolekorps. Skulekorpsa i Ullensaker har allereie eit godt samarbeid med kulturskulen ved at korpsmedlemmene får timar i kulturskulen. Leiar i Jessheim, Hovin og Mogeina Karianne Kjos Ødegård er glad for støtta og seier det er viktig og bra at NMF held eit høgt aktivitetsnivå i desse dagar.
– Vi håpar dette kan vere ein god måte å nå barn på. Vi har ikkje vore så synlege i bybildet det siste året, og vi er glade for å få i gang aktivitet for barna. Men det krevst god planlegging, marknadsføring og opplæring for ungdomane som skal delta som aktivitetsleiarar.
Vi håpar dette kan vere ein god måte å nå barn på
Det er nettopp dette som er målet: at fleire born og unge skal få delta i fast aktivitet saman med jamaldringar. FeriePULSE har vore gjennomført av NMF nasjonalt gjennom fleire år, og det er bygd opp kunnskap, materiell og metodar. Tiltaket er solid og kan bli tatt i bruk i fleire kommunar.
Musikalsk lågterskeltilbod
FeriePULSE er eit samlebegrep på NMF sitt lågterskeltilbod innan musikk for alle barn og unge i grunnskulealder. Det er gratis å delta og det er ikkje ein føresetnad at ein kan å spele eit instrument. Prosjektet blir arrangert til ulike tider av året: HøstPULSE, SommerPULSE og HelgePULSE.
Meir informasjon finn du her:
Musikkorps.no
Kavlifondet
Youtube
I prosjektet FeriePULSE brukar NMF musikarar frå Field Band Foundation, samarbeidsorganisasjonen i Sør-Afrika. Normalt utveklsar dei to organisasjonane musikarar med kvarandre i prosjektet PULSE, og sørafrikanske rytmer er ein vesentleg del av prosjektet. I år er situasjonen litt annleis på grunn av pandemien. Aktiviteten er likefullt i god gjenge.
Prosjektmål:
- Bidra til at fleire barn og unge finn vegen til faste kulturaktivitetar som kulturskule og korps, og at fleire blir verande i aktiviteten over tid.
- Gje grunnskulebarn gode opplevingar som dei kan dele i skulegarden.
- Synleggjere korps og kulturskule som relevante fritidsaktivitetar for fleire.
- Stimulere til auka samhandling lokalt mellom lag, foreininger og offentlege tenester.
- Styrke kulturskular og korps til å videreføre tiltaket.
Tildelingen inkluderer:
- 3-dagar musikkseminar med NMF sine erfarne FeriePULSE-team som er musikalsk leiar, dansepedagog og musikk/aktivitetsleiar.
- Ein dag førebuing med lokale krefter dagen før musikkseminaret. Dagen kan inkludere aktiv involvering av lokale ungdomsassistentar.
- Ansvar for fagleg innhald for førebuingsdag og musikkseminar.
- Ansvar for utgifter til honorar, reise og overnatting for FeriePULSE-teamet.
- Fagleg og organisatorisk rettleiing under prosjektperioden. Tilgang til rammeplan for FeriePULSE utvikla av NMF, produksjonsplanar og andre malar. Kunnskap blir delt gjennom digitale møte.