Petersen og dei andre i korpset er fullstendig klar over at det er ein hard konkurranse å delta i NM janitsjar på toppnivå. I fjor vann dei 1. divisjon og rykte direkte opp til elitedivisjon.

Men sjølv om dei har eit mål om å behalde plassen, vil øvingane resten av veka, både heime i Mo i Rana og øving i Trondheim før konkurransen gje svar på kor landet ligg.

– Vi gler oss sjølvsagt til å konkurrere, men førebuingane før konkurransen er like viktig for korpset. Samhaldet, fellesskapet, og gleda ved å musisere skaper energi.

Energisk musikk

Det er kanskje nettopp energi som vil prege musikken dei skal konkurrere med. Eit av stykka er Redline Tango av John Mackey som er rekna som eit av dei optimale slagverkstykka.

– Det er kult og mykje slagverk og veldig moro for meg som er omskolert trompetist til slagverker.

Det er kult, og mykje slagverk og veldig moro!

Mackey vil prøve å formidle korleis køyre ein motor til maks turtal. Stykket har mykje rytme og er eit veldig utfordrande og spennande.

– Det er klart det ligg nokre timar øving bak, for vi har jo lyst å få det til, seier Petersen.

Det andre musikkstykket til Mo er Vientos av Francisco Tamarit Fayos, eit stykke i tre satsar der den eine satsen er tileigna far hans. Siste sats er fuge-inspirert som hyllest til Johan Sebastian Bach. Musikkstykket er komplisert rytmisk, kan opplevast småkaotisk før det løyser seg opp. Stykke innehar også dissonansar som ikkje er så vanlege.

Dirigent-jubileum

Reid Gilje er dirigent for Mo Hornmusikk på 10. året. Han betyr mykje for korpset.

– Det er berre eit ord som beskriv han; heilt fantastisk! I tillegg til å vere musikalsk er Reid ein fantastisk pedagog. Han har ein evne til å få oss til å yte meir enn det vi er klar over at vi er i stand til, seier Elin. Han gir oss noko å strekke oss etter og det er rett og slett ikkje tvil om at Reid er komponenten som har gitt oss den utviklinga vi har hatt.

Ho legg til at dei har mange flinke musikarar i korpset. Fem av dei er tilsette i kulturskulen og dei er uvurderlege for hornmusikken.

Vi har vore med 22 år på rad og aldri sett føre oss at det vi no skal vere med på var oppnåeleg.

Klar på laurdag

– Korleis er forventningane til laurdagen?

– Altså, vi er jo realitiske optimistar. Vi er sjølvsagt fyrstereis og veit ikkje eigentleg kva som skal telje. Men eg trur ikkje presset er annleis enn tidlegare, for vi har ikkje gjort noko endringar i førebuingane. Vi har vore med 22 år på rad og aldri sett føre oss at det vi no skal vere med på var oppnåeleg. Men vi har førebudd oss så godt vi kan. Når laurdagen kjem er vi klare, seier Petersen.

Mo Hornmusikk frå Nordland sit på scena i Olavshallen kl.1456.

Meir info frå NM janitsjar 2017