– I år var det heile 143 som søkte om å få delta. Det er veldig hyggeleg, seier Berit Handegard nasjonal produsent i NMF.

Film frå drilloppvisninga søndag 19.august

Film frå konserten søndag 19.august

Lenge sidan forrige kurs

Det er fire år sidan sist NMF og HMKG arrangerte eit slikt kurs. I løpet av ei hektisk veke får musikantane ein smakebit på korleis det er å vere musikkgardist i 3. gardekompani. Stikkord for sommarkurset er høgt musikalsk nivå, i tillegg til romvask, slutta orden og antrekk.

Silje Marie Veidahl Arnesen frå Moss. Foto: Privat

Silje Marie Veidahl Arnesen frå Moss. Foto: Privat

Silje Marie Veidahl Arnesen spelar trombone i Krapfoss skolekorps i Moss. Ho kom tilfeldigvis over ein artikkel om kurset på Facebook.

Eg håpar å få utvikle seg musikalsk

– Eg syntest det høyrde veldig interessant ut og snakka med nokre venninner. Så søkte vi alle tre, men det var kun to av oss som blei tatt med på kurset.

Musikalske kvalifikasjonar viktig

Korpset skal ha janitsjarbesetning med 60 musikantar inkludert seks signaltrommer. Uttaket går på musikalske kvalifikasjonar, og korpsmusikantar som har delteke på NMFs sommarkurs har fått prioritet.

Silje Marie håpar å få utvikle seg musikalsk. Det same gjer Åse Kornelia Bleke som spelar horn i Melhus skolekorps.

Musikk, disiplin og samhald

– Eg ønskjer å bli flinkare på samspel, og forventar at dette kurset set fokus på musikk, disiplin og samhald. I tillegg håpar eg å få kjennskap til korleis det er å tenestegjere i Garden.

Åse Kornelia Bleke frå Melhus. Foto: Privat

Åse Kornelia Bleke frå Melhus. Foto: Privat

Eg ønskjer å bli flinkare på samspel

– Målet er blant anna å rekruttere endå fleire unge musikantar til ei teneste i Gardemusikken om nokre år. Det er viktig for korpsnorge at Garden har god rekruttering, seier Handegard.

Isak Vatne Roald Sandvik frå Ålesund søkte på kurset fordi det verka som ei kjekk utfordring der han kan vekse som musikar. Han spelar tuba i Spjelkavik skolekorps og i Musikklaget Brage.

Isak Vatne Roald Sandvik frå Ålesund. Foto: Privat

Isak Vatne Roald Sandvik frå Ålesund. Foto: Privat

– Eg har kjempelyst til å gå i musikkgarden, så når denne sjansen kom, slo eg til med ein gong. Isak forventar at det blir tungt og slitsamt, men også givande og kjempekjekt.

Også Silje Marie og Åse Kornelia kan tenke seg å gå inn i Gardekompaniet.

– Eg har planar om å gå inn i gardemusikken, seier Åse Kornelia.

– Ja, det var derfor eg søkte dette kurset, for å få eit betre inntrykk av korleis det er å vere i Garden, seier Silje Marie.

Eg har planar om å gå inn i gardemusikken

Kurset er frå 13. august – 19. august  i Husebyleiren i Oslo. Det blir ei veke med drill og musikk med Hans Majestet Kongens Gardes musikkorps.

Søndag blir det konsert og drilloppvisning saman med 3. Gardekompani (Gardemusikken) i leiren kl. 1400.

Film frå avslutninga på Gardekurset 2014.

FB-event