– Korpset ligg meg nær

– Det er viktig at lokalmiljøet støttar opp om korpset sitt, både ved å gje pengar, kjøpe lodd eller stille opp på konsertar.  Andre som fyller år samlar inn pengar til f.eks Leger utan grenser, til orgel i den lokale kyrkja. For min del var det korpset som stod hjertet mitt nærst, fortel Heidi.

Ingen fekk ha på uniformsjakke

Dombestein har to born i korpset, ho har vore materialforvaltar i fire år og arrangementansvarleg. I vår skulle korpset på oppdrag, men det var ikkje noko til alle. Dermed fekk ingen gå med uniformsjakke.

– Eg ser kva det betyr for borna å ta på seg uniform når vi skal representere. Det var kjipt i vår då ikkje alle hadde jakke og ingen fekk bruke jakke, seier Heidi.

Mosterøy Skolekorps utan uniformsjakke. Etter bursdagsgåva kan dei gle seg til nye uniformsjakker. Foto: Mosterøy skolekorps.

Mosterøy Skolekorps utan uniformsjakke. Etter bursdagsgåva kan dei gle seg til nye uniformsjakker. Foto: Mosterøy skolekorps.

Mange i korpset

Mosterøy skolekorps er totalt 45 medlemmer, 20 i hovudkorpset, 9 juniorar og 15 aspirantar. Av dei 12 som starta i fjor er det åtte som held fram i korpset, og alle er gutar. Korpset deltek i Rogalandsmesterskapet og andre arrangement i Rogaland. Dirigentene deira er Ole Hodnefjell. Han har vore fast dirigent i 45 år.

Leiar Mari Helene Blihovde Hjelstuen er svært glad for gåva frå Heidi.

Uniformene snart i bestilling

– Dette betyr mykje for oss. Vi har ein god gjeng dugnadsvillige foreldre og i år har vi skrive gode søknader og klart å skaffe pengar frå legat vi har søkt på. Så no blir det nye uniformer på heile gjengen. Målet er i alle fall at uniformene skal i bestilling om kort tid.

Reaksjonane frå inviterte gjestar om pengar til korpset var berre positive.

– Nokon synst det var litt rart medan andre meinte det var flott, seier Heidi. Sjølv vart ho overraska over gjevargleda blant inviterte gjestar.

– Eg vart veldig overraska og imponert over beløpet.