– Nivået i Elitedivisjonen er høgt, og konkurransen er hard. Men vi har tru på at vi kan hevde oss. I år har vi hatt musikkstykka i notemappa sidan tidleg i haust, og vi begynner å kjenne dei godt, seier leiar i Oslofjord Brass, Kjetil Vange.

Vi har tru på at vi kan hevde oss.

Øvd mykje

Korpset har øvd mykje, hatt ein tett prøveplan og møtst fleire gongar i veka frå 1. januar og fram til sjølve NM-helga. Dei har hatt fokus på balanse mellom tuttiprøvar, seksjonsprøver, gruppeprøver og eigenøving. Og så har dei framført både plikt- og sjølvvaldnummer på konsertar i haust.

Kammermusikalske utfordringar

Oslofjord Brass spelar Music Of The Spheres av Philip Sparke som sitt sjølvvalde stykke laurdag kl. 1610. Stykket er variert og byr på både tekniske og kammermusikalske utfordringar. I tillegg er det langt (18 minuttar), noko som gjer det litt til ei uthaldsprøve.

– Vi framførde stykket på den fyrste konserten vår i haust, og i tillegg har vi jobba med det fleire periodar i haust. Derfor opplever vi at vi kjenner det godt. Vi gler oss veldig til å framføre stykket for publikum i Bergen.

– Kva er «NM-følelsen» for deg?

For meg er NM-følelsen dominert av glede. Først og fremst gleda over å få skape og framføre noko i tett samarbeid med andre. Det gir også stor glede å få kome saman med så mange andre lidenskaplege brassbandmusikarar. I tillegg er det også noe spenning og nervøsitet. Men utan den «nerven» ville det nok ikkje vore heilt det same.

For meg er NM-følelsen dominert av glede.

Gleda over å få fordjupe seg i hobbyen sin. Gleda over å få framføre noko ein har jobba knallhardt med for eit interessert publikum.

NM brass 2015 då Kjetil Vange tok imot fyrsteplassen i 1. div.

NM brass 2015 då Kjetil Vange tok imot fyrsteplassen i 1. div.

Kjend dirigent

Dirigenten til Oslofjord Brass er Garry Cutt. Det var han som dirigerte dei til eliten i fjor.

– Garry er ein stor brassband-personlegdom. Han har dirigert mange av dei beste brassbanda i Europa på mange av dei største brassband-arrangementa. Hans konkurranseerfaring og effektive og målretta arbeidsmåtar passar korpset veldig godt. Gjennom øvinga av St. Magnus i fjor var vi godt kjent med kvarandre. Han var eit naturleg val for oss til årets NM, seier Vange.

– Kva plassering siktar de mot?

– Vi snakkar ikkje så mykje om konkrete plasseringar. Vårt mål er å levere vårt aller beste på scena i Grieghallen. Det er det som betyr mest.

– Har du ei god NM-historie?

– Å vinne fyrstedivisjon i fjor var ei utruleg fin oppleving. Då tenkjer eg ikkje berre på kjensla etter at premieseremonien var over. Vi hadde ei oppkøyring der vi opplevde at vi løfta kvarandre fram mot NM. På scena kjende vi at vi leverte det beste vi kunne, og etterpå var det fleire som var rørt til tårer. Vi vann saman og vi fekk verkeleg oppleve at gleda blir større når den blir delt.

Ila Brassband frå Sør-Trøndelag spelar REM-Scapes av Thomas Doss. Dei er siste korps ut i Elitedivisjon laurdag kveld. Bandet som har vore aktiv i elden under Trøndermesterskapet i helga er dirigert av Adam Cooke.

Og begge korpsa spelar sjølvsagt pliktnummeret «Searching for Light» fredag ettermiddag/kveld.