– Eg gru-gler meg.

Kristoffer B. Antonsen (12) spelar b-tuba i Manger skulemusikklag. Kompisen på baryton Hubert Gregor (13) nikkar samtykkande.

På spørsmål om dei skal vinne, kjem det spontant og utan noko form for tvil frå begge på ein gong.

– JAAA, selvfølgelig!!!

Gabriel Sylta Soltveit spelar slagverk på 3. året i Manger. Han gler seg til å ha det gøy og kose seg. Det er det viktigaste.

– Eg vil spele med humør og vere så positiv som mulig. På slagverk er det mykje teljing for å treffe tonane på rett stad, seier han.

Strategi for å vinne

Kristoffer fortel at Hubert har ein strategi.

– Gjer vi det dårleg i Hordablæsten, gjer vi det godt i EM. I fjor kom dei på ein 5. plass i Hordablæsten og gjekk hen å vann EM i Skottland. I år tok dei ein 3. plass og gutane som er staseleg oppdressa i grå bukse og vest, kvit skjorte og tversoversløyfe, meiner ein 3.plass var «dårleg» og trur dermed dei skal klare å vinne EM.

– Vi har øvd i eit halvt år til dette. Denne veka har vi fri onsdag, men vi må likevel øve heime, seier Kristoffer.

Møtast til dyst

Når dei i år reiser til Freiburg får dei konkurranse frå Søreide og Sandsli Skolekorps som vann NM skolekorps brass i Trondheim i fjor. Der deltok ikkje Manger på grunn av EM. I år deltok ikkje Søreide og Sandsli i Hordablæsten på grunn av EM. Så i Tyskland møtest dei til dyst for fyrste gong på fleire år.

Silje Askeland Steen og Eirik Storheim Hannisdal. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Silje Askeland Steen og Eirik Storheim Hannisdal. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Eirik Storheim Hannisdal (18) spelar tuba i Søreide og Sandsli skolekorps. Silje Askeland Steen (16) spelar 1. trombone. Begge har øvd mykje, både seminar/helgeøving og eigenøving heime før EM og har høge forventningar.

– Tja, seier Silje.

– Siger, sler Eirik fast.

– Ja, vi gjer vårt beste og tek plasseringa med eit smil og satsar på at det er nok til ein siger sjølvsagt, legg Silje til.

Korleis blir det å konkurerer mot Manger som vart meister i fjor?

– Spennande. Dei er eit enormt bra korps, har gode instruktørar og foreldre som stiller opp, slik også vi har i Søreide og Sandsli, seier Eirik.

Vi gjer vårt beste og tek plasseringa med eit smil og satsar på at det er nok til ein siger.

Korps overalt

Dei to er flaska opp med korps sidan dei var små, både på skulen og på fritida. På Aurdalslia skole der dei gjekk var to lærarar opptatt av rekruttering til korpet og på skulen laga dei ensemble. Silje var så ivrig at foreldra måtte til slutt gje ho lov å begynne i korpset.

– Eg gjekk til korpsleiaren og spurte om å få instrument og var veldig ivrig, så ringde ho til foreldra mine og då fekk eg lov å begynne, seier Silje.

– Eg har foreldre som er musikarar så det låg litt meir i korta at eg skulle blir med i korpset, seier Eirik. Eg er veldig glad for at eg kom til eit så veldrive korps. Vi har vore med på ei enorm utvikling, frå lågaste divisjon til topp i løpet av fire år. Og når vi nådde målet vårt og endeleg vann NM, gjekk vi heilt av skaftet, fortel han.

Søreide og Sandsli Skolekorps var siste korps av tre på scena i Fana Kulturhus. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Søreide og Sandsli Skolekorps var siste korps av tre på scena i Fana Kulturhus. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Ivrige foreldre

Nær 60 foreldre er med ungdomane til EM brass i Freiburg i Tyskland. For Manger sin del har dei prøvd dette før. Leiar Wenche Sætre seier dei er med for borna og har ikkje lagt opp til noko tøft program.

– Vi har ikkje prioritert å høyre på Eikanger-Bjørsvik Musikklag denne gongen. Nokon av foreldra prøvde det i fjor, men med ein gjennomsnittsalder på 13,5 år må vi prioritere borna. Ho legg til til at dei som vil får sjølvsagt lov, men det er ikkje organisert frå korpset si side.

Vi satsar på dobbeltsiger!

Merete Susan Olsen i Søreide og Sandsli seier også dei reiser nedover fredag og har kjøpt billettar til konsert med EBML laurdag, og festkonserten på kvelden. Søreide og Sandsli har ein høgare gjennomsnittsalder enn Manger.

Les også: Tre musikarar er valt ut til å delta i European Youth Brass Band
Les også: Nordmenn til EM brass

Felles konsert

Måndag kveld spelte dei to skulekorpsa før-EM-konsert i Fana Kulturhus saman med vertskorpset Flesland Musikklag. (Samtidig med EBML spelte sin før-EM-konsert i Grieghallen.)

– Vi satsar på dobbeltsiger, sa konferansieren. Harald Borge frå NMF Hordaland helsa begge korpsa lykke til med ei blomsterhelsing.

Vil gje korpset utfordringar

Thorgeir Thunestvedt er dirigent for Manger Skulemusikklag og seier han har valt ut eit krevande repertoar.

– Eg ønskjer at korpset skal utvikle seg teknisk og musikalsk, og dette repertoaret er valt for å kunne gje alle gruppene utfordringar og noko å strekkje seg etter. Dette er musikk som elitekorpsa har brukt og bestilt til konkurransar og konsertar, så det er vanskeleg musikk.

Berre det å reise til EM er ein stor motivasjon som korpset kan leve lenge på.

Manger Skulemusikklag kom marsjerande inn på scena i Fana Kulturhus. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Manger Skulemusikklag kom marsjerande inn på scena i Fana Kulturhus. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Korleis har du jobba for å få dei unge musikantane så gode?

– Vi jobbar målretta heile sesongen igjennom. Kvar år kjem det fint påfyll med nye musikantar og då startar vi litt på nytt for å få dei med oss på ei ny musikalsk reise. Vi har eit stort fokus på det klanglege, og byggjer ofte mykje av repertoaret vårt på det. Til EM har vi utfordra oss sjølv til å velje endå meir rytmisk musikk for å sjå hvor langt vi klarer å pushe oss sjølve. Det har vore ein gledeleg prosess så langt, og vi skal jobbe vidare dei to siste øvingane før vi reiser til EM.

Som regjerande em-meister – kva forventningar har du til korpset?

– I år er EM ein tur for korpset. Vi ønskjer å spele så godt som mogeleg, og ser kva det held til. Det blir ein tøff konkurranse med mange gode korps, så det blir spennande å sjå kva konkurransedagen bringer. Det er uansett veldig kjekt å reise saman med Søreide og Sandsli Skolekorps, og håpar både dei og vi får to fine konsertopplevingar. Berre det å reise til EM er ein stor motivasjon som korpset kan leve lenge på.

Dirigent for Søreide og Sandsli Skolekorps er Thor-Arne Pedersen.

Programmet

Alle korpsa skal spele eit program på inntil 20 min med musikk. Dette programet skal innehalde pliktnummeret som i år er «Patterns» av Edward Gregsson, og eit valfritt solostykke. Det er ein eigen solistpris på konkurransen.

Programmet til Manger er:
Blackbird Special – Dirty Dozen Brassband (arr: Reid Gilje)
«Hoe-Down» from Rodeo – Aaron Copland (arr: Howard Snell)
Pastorale – Goff Richards (Solist: Eirin Ottesen)
Patterns – Edward Gregsson (pliktnummeret)
Can you dig it – Brian Taylor (arr: Tina Kvamme)

Programmet til Søreide og Sandsli:

Castell Coch marsj – T.J. Powel (tilrettelagt av Thor-Arne Pedersen)
A rainy day in Rio trombonesolo – Goff Richards (Solist: Kristine Uthaug)
Underlige aftenlufte – Carl Nielsen (arr. Fredrick Schelderup)
Patterns – Edward Gregsson (pliktnummeret)

Dei to norske konkurrerer mot 4 andre korps frå Europa i Developing Section (12 – 18 år). Konkurransen er søndag 3. mai. Manger går på scena kl. 1100. Søreide og Sandsli kl. 1130.

LYKKE TIL!!!