H.M. Kongens Garde til Bergen
Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani kjem til Bergen og spelar konsert fyrste helga i juli. Dei held tre konsertar, fredag i Johanneskirken og laurdag på Torgalmennigen og på Fløyen.
Kompaniet er ein parade- og seremoni- konsert- og oppvinsingseining som består av Musikktroppen, signal- og drilltropp. Alle kan du sjå og oppleve på Torgalmenningen og Fløyen laurdag.
Gardekompani er kjent for å være opptatt av presisjon og nøyaktigheit og er derfor svært ettertrakta som tattoo-deltakarar i utlandet.
Fredag 1. juli, er det konsert i Johanneskirken kl 20.00. Korpsmusikarar og born betaler halv pris av full pris.
Vaksne kr 200,-
Born/Korpsmusikarar kr 100,-
Laurdag 2. juli spelar dei konsert på Torgalmenningen kl. 1200, med drilloppvisning. To timar seinare, kl. 1400 spelar dei konsert på Fløyen.
Konsertane er i samarbeid med Norges Musikkorps Forbund.