Nytt korpsår betyr tid for haustens rekrutteringsrunde i mange skulekorps. Korps gjer mange ulike ting for å vise fram instrument, og fortelje om korpset til potensielle nye musikantar.

Jobbar du med rekruttering i ditt korps og ønskjer du å fortelje nokon som ikkje har kjennskap til korps om kva aktiviteten og den flotte hobbyen går ut på?

Film som verkemiddel

NMF har utvikla tre filmar som viser ulike sider av det å vere med i eit korps:

  • Foreldreaktivitet: Skildrar kva rolle ein kan ha som forelder i eit korps.
  • Øving. Skildrar øving med lærar, i gruppe og heime.
  • Samspel: Skildrar øving i korpset frå aspirant til hovudkorpsnivå.

Dersom du for eksempel skal «selge inn» korps som aktivitet på eit foreldremøte, kan du for eksempel vise filmen «Foreldreaktivitet.» Denne viser ulike roller ein forelder kan ha i korpset.

Her finn du filmane

Nokon sit i styret, medan andre hjelper til med stabling av stolar på ei øving. I korpset blir ein godt kjent, og det er ein viktig møteplass i lokalmiljøet både for musikanten og dei vaksne!

Hent tips på musikkorps.no

Ønskjer du fleire tips i arbeidet med rekruttering og inkludering: sjekk ut menyen på topp på musikkorps.no

Sjekk ut filmar om Sommarkurs, Festival og FeriePULSE på Youtube og på nettsidene til NMF.

NMF har også fått laga instrumentfilmar for skulekorpsdirigentar. Dei finn du også på musikkorps.no