
Bryne Skulekorps søker dirigent
Bryne skulekorps søker etter ny dirigent frå hausten 2019.
Bryne Skulekorps
- har per i dag 45 musikantar i alderen 8 til 19 år og er det største korpset i kommunen.
- har janitsjarbesetning og øver på torsdagar frå kl. 16.45-1730 (aspirant/juniorkorps) og 17.45 til 19.45 (seniorkorps).
- har eit tett samarbeid med Time kulturskule. Musikantene får individuell instrumentopplæring dei to fyrste åra.
- fleire av musikantane deltek òg på NMF sine sommarkurs.
- ynskjer å utvikle oss og bli betre og søker etter ein ny dirigent som kan inspirere og begeistre – kanskje med eit spesielt fokus på medlemmane i alderen 13+?
- deltek i Rogalandsmesterskapet og har dei siste åra veksla mellom 3. og 4. divisjon.
- spelar fast på nasjonaldagen og opninga til Kulturskuleveka, og forsøker elles å visa oss fram i lokalmiljøet gjennom mindre konsertar, korpsfestivalar og speleoppdrag.
- har to helgeseminar i året og reiser alltid på sommartur anten innanlands eller utenlands.
Kvalifikasjonskrav
– Relevant utdanning frå høgskule eller universitet.
– Resultat og referansar frå eventuelle tidlegare korps.
– Relevant musikalsk og pedagogisk erfaring i arbeid med barn og unge
– Erfaring og personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
– Dirigenten må kunne tilpassa musikk og arrangement til korpset, slik at alle musikantane har utfordringar etter nivå
– Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
– Sjølvstendig og løysningsorientert
– Evne til å inspirere og begeistre
– Ynskje om og glede av å arbeide med barn og unge
– Kreativ og initiativrik
Arbeidsoppgåver
– Musikalsk leiing av korpset
– Faste øvingar, deltaking på helgeseminar og konsertar
– Val av repertoar, deltaking i planlegging av aktivitetar og konsertar
– Ansvar for korpset si musikalske utvikling
– Det er eit ynskje at dirigenten deltek på styremøter
– Dirigenten deltek på fellesmøter i Time kulturskule
Bryne Skulekorps tilbyr
– godt samarbeid med eit aktivt styre
– å bli del av eit kreativt og aktivt kollegie i Time kulturskule
– bli del av korpsseksjon i Time kulturskule
– tverrfagleg samarbeid
Kontaktpersoner
Mette Thorsen, leiar Bryne skulekorps, tlf 91889612
Elektronisk søknadsprosess
Time kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er ikkje høve til å leggja ved attestar og vitnemål.
Desse må du ta med til eit eventuelt intervju.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via servicetorget på tlf. 51 77 60 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjorde, sjølv om ein har bede om å bli untatt
offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss; uansett alder,
kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Søknadsfrist 07.04.2019 Utlyst dato 07.03.2019 Vårref 1248
https://rekruttering.time.kommune.no/recruitment/opening?1
Kontaktperson
Astrid Fjeld, Rektor, tlf: 51776409, mobil: 48293505, astrid.fjeld@time.kommune.no