Kurs gir «boost»

I Nordvest har NMF hyra inn The Brass Brothers til eit to-dagars kurs i Ålesund. Heile 100 musikantar er påmeldt og musikkonsulent Jørgen Brecke trur dette blir ein «boost» for musikantane før dei startar opp i korpsa sine til hausten.

– Dette er eit supert tilbod for spelesugne skulekorpsmusikantar, seier Brecke. Musikken med røter i New Orleans streetparade-tradisjon vil bli innøvd via gehør. Og det blir utekonsert i sentrum laurdag.

Høyr og sjå frå gatekonserten: NRK var til stades og gjorde opptak.

The Brass Brothers

The Brass Brothers.

Ivrige korps

Både i Rogaland, Trøndelag og Nord-Norge har korps sjølve tatt initiativ til sommaraktivitetar. I samarbeid med NMF har fleire korps fått støtte til å arrangere kurs. I Sør er enkelte kurs fullteikna og fleire må stå på venteliste. I Innlandet er vel 60 korpsmusikantar påmeldt på to kurs, i Hamar og på Kapp/Østre Toten. I Hordaland har dei 170 påmelde på fire kurs. Enkelte instrumentgrupper er sprengt, men dei har likevel plass til fleire.

Ville lage sommaraktivitet

Styreleiar i Kanebogen skolekorps i Harstad, Lillian Katrine Sletteng fortel ivrig om deira initiativ.

– Vi er det største skulekorpset i regionen vår og merka TENDENSAR til fråfall og tenkte vi måtte gjere noko. Så vi sendte ut invitasjonar og 30 musikantar/drillarar frå Narvik, Sortland, Harstad, Kvæfjord og Sandstrand er påmeldt. No gler vi oss til torsdag. Vi har lagt opp til eit tre-dagars kurs. Med godkjenning frå helsestyresmaktene tilbyr vi overnatting på hotell eller campingovernatting for dei som kjem reisande.

Mange gode tilbod

I NMF Øst er samspeldagar for ungdomsmusikantar i full gang. Dei yngste får tilbod om ein inspirasjonsdag.  Konseptet har fått namnet Korpsjubel. Det blir arrangert totalt ti ulike kurs og rundt 250 er påmeldt.

Kursene er lavterskeltilbud der fokus er på å inspirere og motivere musikantene etter en frustrerende vår. Sommerkurs-produsent Ragnhild S. Nordberg gleder seg over responsen:
Med oss har vi topp motiverte musikalske ledere, som har funnet flott og variert musikk. Sammen med supre instruktører gleder de seg nå til å treffe barna på kurs disse to ukene!

Neste veke (33) er det Sommerdrill der påmeldte drillarar frå heile landet lærer nye triks av topp kvalifiserte instruktørar. All undervisning skjer via zoom.