Korpsbyggar i NMF, Per Einar Fon har i lang tid jobba med utvikling av korps. Korleis korps kan jobbe for å lykkast meir med kjerneaktiviteten i kvardagen, og kva som må til for å få til gode øvingar. Problemstillingar rundt utvikling av frivillige lag i idretten og korps har mange like trekk.

Samarbeidd lenge

– Vi har mange like utfordringar i korps og i idretten, seier Fon. Sidan tidleg på 2000-talet har NMF og utviklingsavdelinga i NIF hatt gode møter, og hatt mange parallelle løp. Begge organisasjonane har hatt Framtidskveldar, vi har hatt Korpset vårt, medan idretten hadde Klubben sin i same periode. Då vi starta med Bli betre-prosjektet, starta Fotballforbundet med Kvalitetsklubb.

– Evalueringane viser at det er mykje felles praksis og resultata er nokolunde like. Basert på erfaringane våre har vi starta opp Korpsklynger, seier Fon.

Les om Korpsklynger

Fagmiljø for utvikling

Torkel Seppola er seniorrådgjevar for kompetanseutvikling i Norges Idrettsforbund. Han fortel at dei har eit fagmiljø som jobbar med utvikling, og samlar seg til fagforum jamnleg. Forumet er ein møteplass for alle tilsette i idretten som jobbar med ansvar for klubbutvikling. Her blir idear utveksla på tvers for å støtte opp om aktivitetstilbodet i klubbane.

Vil høyre om Korpsklynger

Denne gongen er idretten interessert i å vite meir om Korpsklynger. Fleire særforbund har samla idrettslag som jobbar med liknande opppgåver eller utfordringar.

– Særforbunda i idretten er ulike. Vi har vore borti klynge-tanken tidlegare. Olympiatoppen har hatt klynger som tema. Men tanken denne gongen er å prøve å få betre og meir utveksling mellom idrettslaga. Kanskje vi gjennom Korpsklynger får nye tankar. Det handlar om å få inspirasjon og konkrete idear utanfor idretten. Tematikken mellom eit idrettslag og korps har mange likskapstrekk, seier Seppola.

No er det verkeleg tid for å halde aktiviteten oppe

– Kor viktig er det å tenke nytt i utvikling av klubbane?

– No er det verkeleg tid for å halde aktiviteten oppe. Vi opplever å få tilbakemelding på at medlemmer i klubbane er einsame og ikkje får vere fysiske. Faren og frykta er om eit idrettslag (som for eit korps) blir liggande nede utan aktivitet for lenge. Då kan motivasjonen forsvinne og miljøa misser medlemmer. Det er difor svært viktig å halde oppe aktiviteten – og tenke nytt, seier han.

Overførbart

Gjennom arbeidet med Korpsklynger håpar korpsbyggar Per Einar Fon å kunne bidra til ein enno betre korpskvardag, gjennom samarbeid og samspel og etablere nettverk mellom korps. Og at dette er overførbart til idrettslag rundt om i landet.

Per Einar Fon og musikksjef Rune Hannisdal skal presentere NMFs medlemsundersøkelse og arbeidet med Korpsklynger på fagkonferansen onsdag. Konferansen foregår digitalt.

Les: Vellykket korpshelg i Nord-Norge