Kursa blir holdt ute i korpsa etter nærare avtale.

Instruktørkurs 1:
Ca. 3 klokketimer, 3 undervisingsøkter. Helst på korpsets faste øvingsdag, då kursdeltakarane skal gjennomføre ei undervisningsøkt (20-30 min) med elever frå eige korps.
Økt 1: Rolleforståing, timeplanlegging, pedagogiske og praktiske tips og triks.
Økt 2: Praksis med elev(er).
Økt 3: Erfaringsutveksling, sjølvrefleksjon, oppsummering.

Instruktørkurs 1 passer erfaringsmessig best for 2-6 deltakarar frå 1 korps, men tilpassingar kan bli gjort.

Instruktørkurs 2:
Heildagskurs, bør være ein helgedag.
Ca. 6 klokketimer, 4-5 undervisningsøkter + lunsjpause.
Økt 1: Repetisjon/utdjuping av stoffet fra instruktørkurs 1.
Økt 2: Praktisk musikkteori mtp. transponering og tilrettelegging av stemmer etc.
Økt 3: Praktiske oppgåver mtp. transponering og tilrettelegging av stemmer etc.
Økt 4: Innføring i dirigering. Slagteknikk og kommunikasjon fra podiet.

Instruktørkurs 2 passer erfaringsmessig aller best for ei gruppe på 10-15 deltakarar, gjerne frå ei gruppe samarbeidende nabokorps, der ein tidlegare har gjennomført instruktørkurs 1 (men tilpasninger kan bli gjort også her).

For meir informasjon om kursa, kontakt NMF Rogaland på rogaland@musikkorps.no