Jaktar du korps-notar til oppstarten?
Treng du nye notar til oppstarten av korpset i haust? Då kan det vere lurt å få med deg Norsk Noteservice og Yamaha sin «Sør-Norge-turné» i august. Bergen, Trondheim og Ålesund får besøk. Odd Steenberg i Norsk Noteservice har med seg nye og gamle notar. Han og Lasse Helseth i Yamaha møter folk for å utveksle erfaringar.
I over 20 år har dei to selskapa med Odd og Lasse i spissen reist rundt til forhandlarar for å kome nærare kundane. Kundane er dirigentar, instruktørar og musikarar i korps som jaktar på nytt stoff. For nytt stoff er alltid interessant når hausten kjem. Og dei har mykje nytt å vise fram, fortel Odd Steenberg.
– I år kjem vi med 400 titlar, der 100 av dei er nye. Vi har noko for ein kvar smakt. Breidda i det vil tilbyr er stor. Årets katalog inneheld både gamalt og nytt stoff, frå det enkle og til det ekstremt vanskelege.
Mindre og mindre reising
Turneen med fysiske møter har innskrenka seg sjølv gjennom digitaliseringa. I dag er det mange som finn musikken på Youtube-kanalen til Norsk Noteservice. Der kan dei høyre og bla i notar digitalt.
– Digitaliseringa har tatt over mykje av jobben vår. Før reiste vi med notar til heile Norge i 14 dagar, no møter vi opp i tre byar. I dag er det lettare å få tak i nytt via Youtube-kanalen vår. Der ligg både partitur og innspeling ved. Dessutan er det ikkje musikkforretningar igjen mange stader, seier han og presierer:
– Det er framleis viktig og nyttig for oss å kome ut og møte dirigentar, instruktørar og musikantar.
Visst folk skal søke opp nyinnspelingane på Spotify og Youtube er årets innspeling gjort av Noteservice Concert Band
To store selskap
Norsk Noteservice er Skandinavias største utgjevar av korpsmusikk og ein av dei leiande utgjevarane i Europa. I alle år har dei hatt eit nært og godt samarbeid med Yamaha. Musikkforretningane dei møter hos har eit utval av Yamaha-instrument. Det er viktig å prate med folk som kjem innom om deira behov.
– Å få tilbakemelding på kva som fungerer og kva som ikkje fungerer, er viktig. Dirigentar og instruktørar kjenner korpset og veit kva som trengst av fornying av blås- og slagverksinstrument. Yamaha er ein av dei mest komplette produsentane av instrument innan blås og slagverk, seier Steenberg.
Her er turnélista:
Søndag 15.08. Bergen: Musikk-Miljø, kl. 12.00-18.00
Tirsdag 17.08. Ålesund: Musikktorget, kl. 12.00-20.00
Torsdag 19.08. Trondheim: Blåsmo Musikk, kl. 11.00-18.00