Korps spreier glede også under pandemien
Jernbanens Musikkorps Bergen gjer andre glade under pandemien. Sidan Norge stengde ned i mars, tok korpset grep og la om til ensemble-musikk for å kunne spele saman og underhalde andre.
– Det viktigaste som korpsmusikar er å spele musikk og spreie glede. Og vår «pandemi-aktivitet» har gjort andre glade, seier Ole-Johan Aarlie. Han er leiar i Jernbanens Musikkorps Bergen og seier det er viktig å vere kreative – også no når korps ikkje får spele saman der smitten blomstrar opp.
Bra for korpset
Sidan 12. april har Jernbanens Musikkorps delt seg opp og spelt i mindre grupper. Det starta på kyrkjetrappa utanfor Årstad kyrkje. Det var ingen gudsteneste, men kyrkjelyden stod utanfor og song. Etter det har rundt 20 ulike sjukeheimar i Bergen fått besøk av glade korpsmusikantar.
– Dette har redda oss som korps. Vi har fått spele rundt 30 konsertar saman, øvd i grupper på 10-14 og har fått eit godt og betre samhald. Det sosiale i korpset har blitt mykje betre, seier han.
God stemning
Det er dei som har vore mest isolerte, dei eldre på sjuke og aldersheimar som har fått gleda av musikken. Og mottakinga har vore svært god.
Det har vore jubel og tilløp til dans
– Det har vore jubel og tilløp til dans. Tilhøyrarane har klappa og sunge. Men så har vi valt ut musikk som dei fleste har høyrt før, gamle svisker og musikk frå tidleg 60-70-talet – nettopp for å treffe den rette aldersgruppa, seier Aarlie som oppfordrar fleire korps til å gjere det same.
– Vi meiner at vi har gjort noko som kan ha smitteeffekt – ei fornufig smitte, seier han og ler godt med tanke på tida vi er inne i.
Musikken skaper glede hos dei som høyrer på
Spelar jula inn
– Kva med dagens situasjon, med oppfordring om stopp i 14 dagar?
– Vi håpar å begynne å spele igjen på same opplegget frå søndag 29. november. Det er mange som ønskjer besøk. Men vi vil nok gå over til julesongar og på den måten spele inn jula til dei. Med tanke på mørketida prøver vi å få til dette på søndagane. Vi har aldri hatt problem med å få medlemmene til å stille opp på dette.
Vi har aldri hatt problem med å få medlemmene til å stille opp på dette.
Korpset tel rundt 30 medlemmer og skulle eigentleg ha konsert i Johanneskirka i helga saman med Politiorkesteret og Nybø Brass, men fekk ikkje lov.
– Vi har hatt større aktivitet under pandemien enn i eit normalår fordi vi bestemte oss for å glede andre. Men no må vi alle vere med på dugnaden, følgje reglane og halde avstand, seier han.
Tips oss om ditt korps har gjort noko spesielt i koronatida: post@musikkorps.no