Glede og spenning

Til Østlandsmesterskapet i drill er det påmeldt 514 deltakarar frå 47 korps. Nordstrand drill er ein av troppane og er ganske ferske. Dei har med seg 18 drillarar i alderen 8 – 13 år. Hovudtrenar Anett E. Nedregaard seier stemninga er god nokre dagar før det heile brakar laust.

– Alle gler seg og er veldig spente. Vi er ein relativt ny tropp og godt over halvparten av drillarane har aldri vore med på konkurransar før. Det er kun den tredje konkurransen Nordstrand drill er med på sidan oppstarten hausten 2013.

Alle gler seg og er veldig spente

Årets ØM er fyrste gong troppen deltek med så mange startnummer i ein konkurranse. Nordstrand drill stiller med to troppar i drilldans juvenile og ein tropp i drilldans junior 3. divisjon, tre drilldans solo i preteen beginner og ein drilldans duett juvenile samt to struttarar i høvesvis preteen og juvenile.

Drilldans juvenile paret frå Nordstrand drill er veldig klare for å konkurrere i helga. Henriette Baardseth (11) og Sophie Ly (9). Foto: Privat

Drilldans juvenile paret frå Nordstrand drill er veldig klare for å konkurrere i helga. Henriette Baardseth (11) og Sophie Ly (9). Foto: Privat

NM-kvalifisering

– Drilltroppane kan kvalifisere seg til NM korpsdrill i Larvik i dette mesterskapet. Har troppen slike mål i sikte?

– Vi skal vere med i NM i Larvik med troppane, strut og par. Men vi er ikkje så opptatt av å kvalifisere oss til NM i dei greinene som treng kvalifisering. Ikkje i år. Vi kjem sterkare tilbake neste år når drillarane har fått litt meir erfaring, seier Nedregaard.

I tillegg til ØM er det også kvalifisering til NM på Skjærgårdsdrill (Horten), Midtnorsk mesterskap (Molde), Trøndersk Mesterskap (Stjørdal) H/O-mesterskapet (Gausdal), Vinterpokalen (Sveio) og Nordlysdrilliaden (Bodø).

Les: Kvalifisering til NM korpsdrill 2016

Førebudd seg godt

For å vere best mogeleg førebudd til konkurranse har troppane i Nordstrand drill trent ein gong i veka, hatt eigentrening og vore på treningshelgar saman. Solistar og par har også enkelttimar med instruktør. Hovudtrenaren fortel entusiastisk at dei var representert i fjor der dei tok sølv i drilldans tropp juvenile.

– Då hadde drillarane våre kun drilla 1,5 år. I år har vi også trena turn parallelt sidan fleire av drillarane skal delta på NM og nasjonal rekruttkonkurranse i sportdrill i Ålesund i april. (Torsdag 3. mars er det generalprøve med drakter for alle foreldre og søsken.)

Korpskonkurranse i Stavanger

I Rogalandsmesterskapet for skulekorps har 1800 meldt seg på arrangementet. Blant dei er 350 aspirantar. Det er solistar, ensembler, juniorkorps og hovudkorps. Alle er i innspurten av innøvinga denne veka.

Tre korps i eitt er blitt til Felleskorpset Kopervik. Foto: Felleskorpset Kopervik

Tre korps i eitt er blitt til Felleskorpset Kopervik. Foto: Felleskorpset Kopervik

Kopervik Felleskorps er tre samarbeidande korps på Karmøy som no har slått seg saman formelt. Dei vann 2. divisjon i fjor, og har vunne denne divisjonen fire av dei fem siste åra. No har dei valt å ta steget opp i 1. divisjon brass. Hans Knut Skår er dirigent i korpset og fortel at dei er spente.

– Ja, vi må sei det. Vi har brukt lang tid på å bestemme oss for å prøve oss i toppdivisjonen og har tatt eit val og om å gå for dette. Vi må erkjenne at det er fyrste gong i denne epoken og får liste oss litt inn i 1. divisjon.

Besetninga er god. Felleskorpset er eit ungt korps som har blitt litt eldre. Medlemsmassen er frå 8/9 år – 17 år.

Motiverande å konkurrere

– Kvifor ønskjer de å konkurrere?

– Det er klart at  borna synst det er motiverande å delta i ein slik konkurranse. Som dirigient ser eg på prosessen fram, og ikkje minst øvinga etter konkurransen som viktig. Fram mot konkurransen har vi ambisjonar om å gjere så godt vi kan, vi vil gjere ei god framføring. Det å ha tydlege mål er verkningsfullt og får oss til å skjerpe oss, seier Skår.

– Blir de betre av å konkurrere?

– Ja, det trur eg, sler han fast.

Så glad vart dei i 2015 då dei vann 2. divisjon. Foto: Felleskorpset Kopervik

Så glad vart dei i 2015 då dei vann 2. divisjon. Foto: Felleskorpset Kopervik

Dagleg leiar i NMF Rogaland Lilli Ann Jacobsen Grong håpar på ei bra gjennomføring og at alle deltakarane blir godt ivaretekne. Det er det viktigaste, seier ho til Rogalands Avis.

Brummundal

I Hedmark/Oppland er det regionmesterskap for musikantar i Teatersalen i Brummundal. Dette er for skulekorps brass og janitsjar, samt vaksenkorps janitsjar. (Vaksenkorps brass har vore tidlegare i år).

Lillestrøm

I Lillestrøm er det også stor korps-aktivitet i helga. Her samlast amatørkorps til regionmesterskap. Blant korpsa er elitekorpset Lillestrøm Musikkorps som spelar eit nytt spansk stykke. For dei er også denne konkurransen oppkøyring til NM janitsjar i Trondheim 11. – 12. mars.

Les: Lover en god lytteropplevelse

Korpset jobbar med historia som skal formidlast og dei gler seg til å presentere det nye stykket i Lillestrøm til helga.

Frå Facebook-sida til Lillestrøm står det å lese: Det er veien fram mot konkurransen som er den viktigste, det at ein sjølv jobbar med å bli betre. Det er alltid moro å ha noko å strekke seg etter, og konkurransar gir sjansen til å jobbe grundigare og djupare med musikken enn det ein kanskje elles gjer.

Les: Spesielt kosthold i Opus 82

Andre regionar i NMF har hatt eller skal ha regionmesterskap.

Hordablæsten i Bergen (Bergen)
Nordvesten Møre og Romsdal (Skodje)
Nordvesten Sogn og Fjordane (Sandane)
Hjertnesfestivalen (Sandefjord)
Distriktsmesterskap (Lørenskog, Fredrikstad, Asker)