Dei to ung-gutane er hyra inn av korpsinstruktør Linn Iren Bjerknes.  Ho spelar slagverk og euphonium og er med i fire ulike korps under NM brass i år. Sola Brass bBand (2 .div), Agder Brass (3. div), Randaberg Musikkorps (4. div) og Skeie Brass (5. div)

Aldri for seint

– Det er aldri for seint å begynne med ein ny hobby. Det seier Bjerknes og ser på dei to som etter framføringa med Randaberg Musikkorps er ei erfaring rikare. Ho skryt av innsatsen til dei to. Og særleg Kristoffer som har så lite erfaring.

– Ja, han er den beste eleven eg har hatt, i alle fall som aspirant.

Tilfeldig

Då han flytta til Stavanger for å studere, flytta han inn i eit kollektiv.

– Det var eigentleg tilfeldig då eg flytta til Stavanger for å studere, og kom i bufellesskap med Linn Iren. Ho fekk berre beskjed: Lær han opp og spel! Og så viste det seg at det var brukbart materiale å jobbe med, smiler han forsiktig.

Kristoffer har aldri spelt noko brass-instrument tidlegare. Det einaste han har vore innom er litt piano.

– Kva fascinerer med korps?

– Eg veit ikkje. Det er noko med musikken, med veldig mørk lyd i trommene, skaper ein følelse som er god. Det er vanskeleg å forklare, men det høyrest fint ut.

Tre slagverkarar i Randaberg Musikklag. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Tre slagverkarar i Randaberg Musikkorps. Foto: Olga Wergeland/NMF.

I NM for fyrste gong

Tobias Lien har spelt trommer, sånn litt til og frå. Han begynte på trompet då han var liten, men ville bytte til trommer.

– Fordi det var så mange som spelte trommer då, slutta eg i korps, men begynte igjen i vaksenkorps. Etter å ha vore ute av korpsverda ei stund, og med flytting og studier i Stavanger, vart han påverka av miljøet. Og no er han med i NM for fyrste gong.

– Det er spennande og skummelt. Eg har aldri vore med i ein så stor konkurranse. Men best av alt er dei som omgir oss. Trommeslagarane er ein fast gjeng, og heile korpset er sosialt. Det gir ein god korpsopplevelse, seier han.

Korps = livsstil

For Linn Iren er korps blitt ein livsstil. Både musikken, miljøet, opplevelsen og samhaldet i korpset er fantastisk. Og ikkje minst å delta i NM.

– Å få møte folk igjen som eg ikkje har sett sidan siste NM er gøy. Og det er kjempegøy å spele. I dag har det vore givande og ho konkluderer med at det gjekk bra med Randaberg i dag. Med fire korps unnagjort stiller ho seg spørsmålet.

– Men kva skal eg finne på no?

Randaberg Musikklag i 4. divisjon. Dirigent er Pål Magne Austnes-Underhaug. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Randaberg Musikkorps i 4. divisjon. Dirigent er Pål Magne Austnes-Underhaug. Foto: Olga Wergeland/NMF.