
Korpstur i sommar?
Skal korpset ditt på tur i sommar? Ver førebudd og lag ein beredskapsplan som de kjenner til dersom uhellet eller ulukka er ute.
Ein beredskapsplan er ein enkel plan med oversikt over kva som må gjerast og kven som har ansvar i ein kritisk situasjon. Planen skal beskrive korleis du skal ta hand om forulukka, pårørande, korpstillitsvalde og eventuelt media.
– Vi håpar sjølvsagt at det ikkje skjer noko med nokon som er på tur eller er med på eit arrangement, men det er lurt å vere føre var, seier generalsekretær i NMF Karl Ole Midtbø. Han legg til at planen må vere lett tilgjengeleg.
Bereskapsplanen trer i funksjon ved einkvar krisesituasjon som involverer korpsmedlemmer på arrangement der korpset deltar som ei eining.
NMFs forbundstyret har utarbeidd ein slik plan til hjelp for korpsa. I denne lenka finn du den.
Vi ønskjer alle som skal ut og farte ein god tur og ein strålande sommar!