– Dette blir spennande, gøy, lærerikt og interessant.

Martha Eikemo Andersen (basstrombone), Magnus Øian (kornett) og Ragnhild Gaupholm (kornett) er tillitsvalde i Tertnes Skoles Musikkorps og er overbevist om at det skal gå bra. Dette har dei aldri vore med på tidlegare og har same innstilling som Pippi Langstrømpe når ho står over for nye utfordringar: «Det ha jeg aldri gjort før, så det tror jeg sikkert at jeg kan klare.»

– Dette er ein ny opplevelse for oss. Vi kjenner ikkje dei vi skal konkurrere mot, så det er klart det blir veldig spennande, og så blir det gøy å få spele i ein så stor sal, sier Magnus.

Martha Eikemo Andersen, Magnus Øian og Ragnhild Gaupholm er tillitsvalde i TSM. Foto: John Vint.

Martha Eikemo Andersen, Magnus Øian og Ragnhild Gaupholm er tillitsvalde i TSM. Foto: John Vint.

Norgesmeister skolekorps brass 2015

Tertnes Skoles Musikkorps vann NM skolekorps brass 2015 og representerer Norge i EM brass, Development Section og skal konkurrere mot fire andre korps. Det skjer i Lille i Frankrike 1. mai, dagen etter EM brass, der Stavanger Brass Band (SBB) deltek frå Norge.

Nesten alle reiser

Totalt reiser 80 personar tilhøyrande Tertnes Skoles Musikkorps til EM brass. 32 av dei er korpsmusikantar og familie og søsken stiller opp for å heie dei fram. Ingunn Bratland er leiar i korpset og er overbevist om at dette blir ein strålande tur. Det meiner ho fordi ho har mange gode medhjelparar. Korpset er eit solid korps, med mange engasjerte foreldre og gode instruktørar.

– Eg har ein fantastisk foreldregjeng med meg. Som leiar gjer eg stort sett dei vanlege tinga som å ordne partitur og sceneoppsett. Støtteapparatet har organisert seg i ulike grupper; økonomi, reise, opphald, koordinering av matbestilling, buss osv.

Eg har ein fantastisk foreldregjeng med meg, Ingunn

– Det er viktig at turen ikkje blir for dyr og belastande for foreldra, seier Ingunn. Ho håpar og trur at musikantane ikkje får for stort forventningspress på seg.

– I utgangspunktet er korpset kome langt som det er. Å få delta i EM er stort nok for oss. Og så lenge dei veit at dei går av scena og er fornøgde med det dei har gjort, er det greit nok. Men dei er sjølve sin største kritikar, legg ho til.

Lasse Magnussen på kornett. Foto: John Vint.

Lasse Magnussen på kornett. Foto: John Vint.

Heile familien til EM

Lasse Magnussen er eldst i korpset og var også med til EM brass i fjor, men då som heiagjeng for søskena Ingrid og Erlend i Søreide- og Sandsli skolekorps (No Ytrebygda skolekorps). I år sit dei to og resten av familien hans i salen og heiar på Tertnes Skoles Musikkorps. Lasse spelar kornett og øver mykje.

– Eg øver! Eg kan ikkje seie noko anna, ler han. Men eit EM versus NM er ikkje så veldig forskjell i øvingsfasen. Det einaste er at vi no spelar meir show-musikk. I NM spelar vi NM-stykke. Det er to ulike program, men vi terpar på dei same detaljane.

Eg øver! Eg kan ikkje seie noko anna, Lasse

Marhta supplerer: Det er meir underhaldningsmusikk i forhold til NM-stykka. For mange som ikkje er vande med korpsmusikk er kanskje dette gøyare å høyre på.

– Ein annan forskjell er at vi må spele eit pliktnummer. Til vanleg bestemmer vi sjølv kva vi vil spele. No må vi forholde oss til eitt stykke som alle skal framføre.

– Er det vanskeleg?

– Notane ser lettare ut, men vi må matche dei andre fire korpsa for å ha ein sjanse til å vinne og vi må øve ein del saman, seier Magnus.

–  Vi set veldig stor pris på at vi er eit godt korps og vi har ein tittel å leve opp til. Det er motiverande, seier Ragnhild.

– Forventningspresset hjelper oss til å pushe oss. Vi blir betre av å ha forventingar, seier Magnus.

Forventningspresset hjelper oss til å pushe oss, Magnus

Dei er superfornøgde med dirigenten sin Jan Egil Jørgensen. Musikantane og han har ein god relasjon.

Jan Egil Jørgensen er dirigent i TSM. Foto John Vint.

Jan Egil Jørgensen er dirigent i TSM. Foto John Vint.

Dirigenten gjer ein dyktig jobb. Vi er vande med å ha Jan Egil. Vi ville ikkje hatt nokon annan. Det er fint å kjenne han veldig godt, og han er flink og dyktig, seier Ragnhild.

Dirigent i mange år

Jan Egil Jørgensen har vore dirigent for Ternes i mange år. Han har vore med i EM som musikar i EBML for 16 år sidan, men dreg på det når vi spør om kva forventningar han har til EM.

-Hmm, vi kjenner ikkje kva nivå det er ute i Europa, så dette blir spennande.

På repertoaret står eit pliktnummer som alle må spele. Ifølge dirigenten er det ikkje teknisk vanskeleg, men stykket har musikalske utfordringar for å få det til å lyde godt saman.

Tre musikkstykke

Dei andre stykka korpset tar med seg til Lille er Norwegain Dance av Torstein Aagaard-Nilsen, Fields of Gold og Robby and Michael arrangert av Svein Henrik Giske. I det siste stykket utfordrar arrangøren musikantane ved at dei skal opp og stå og vise seg fram på scena og få folk i salen i godt humør. Eit forrykande show som dei gjennomfører i øvingsrommet på Tertnes med glans. Jan Egil skryt av innsatsen til korpsmusikantane.

– Det har vore og er knallhard jobbing i korpset. Fleire går på musikklinja på Langhaugen og Bergen Private Gymnas. Dei er disiplinerte, øver heime og øver i korpset.

Saman utgjer dei 32 musikantane glede, forventning, konsentrasjon og samhald. Dette blir bra! LYKKE TIL!