Norgesmeisterskapen går av stabelen i Olavshallen, lille og store sal, Royal Garden Hotel og Scandic Nidelven Hotel fredag 31. mars og laurdag 1. april.

Kultutministeren skal halde ein tre-minutters tale frå scena i Olavshallen, store sal før ho set seg i salen og høyrer på Dragefjellets Musikkorps i elitedivisjonen.

Møter korps frå Sør-Trøndelag

Planen er at ho møter Strinda Ungdomskorps i 5. divisjon etter at dei er ferdigspelt på scena i Olavshallen, lille sal.

TV 2 Sumo

I tillegg skal programleiar Stein Skorpholm intervjue henne i NM-studio på TV 2 Sumo. I NM-studio får programleiaren følgje med ekspert Torstein Aagaard-Nilsen laurdag. Fredag er det aktuelle gjestar i studio.

Er du ikkje i Trondheim desse dagane, kan du sjå dei to øvste divisjonane streama på TV2 Sumo, med innslag frå dei ande divisjonane.