Etter fleire år med medlemsnedgang ser vi i år eit oppsving. Totalt viser medlemsstatistikken for fjoråret ein auke på 1,38 prosent, eller knapt 1000 medlemmer. Veksten ligg primært blant dei yngste medlemmene. NMF Øst og NMF Trøndelag har størst medlemsvekst.

Bevisst rekruttering

Åsvang og Eberg skolekorps i Trondheim har jobba bevisst med rekruttering, både med å få nye medlemmer og halde på dei som alt har begynt. Leiar Anne Langlo fortel at dei har jobba med rekruttering i mange år.

– No klarer vi å behalde mange. Hovudkorpset vart dobla i haust. Vi er blitt 21 fleire medlemmer frå i fjor til i år og frå hausten startar 22 nye og om alle held fram vil vi bli godt over 100 medlemmer. Det er imponerande!

Hovudkorpset vart dobla i haust og til hausten blir vi over 100 medlemmer, Langlo

Åsvang og Eberg skolekorps2

Åsvang og Eberg skolekorps – oppvarming til 17. mai 2016. Foto: Åsvang og Eberg.

Gjer seg ikkje sjølv

Rekruttering krev innsats heile året. I Åsvang og Eberg møter dei borna 3 – 4 gongar i SFO-tid, juniordirigent let borna få spele på ordentlege instrument og øving endar i ein felles konsert.

– Det er kjempestas for dei yngste, og det høyrest også bra ut! Vi har ein super aspirant-dirigent Jonathan Hamel, seier Langlo. Å vise fram korpset fører til at borna veit kva det betyr å spele i korps.

Å vise fram korpset fører til at borna veit kva det betyr å spele i korps, Langlo

Framsnakking og rollemodellar

Det er svært viktig med ei positiv foreldregruppe som framsnakkar korps og dei største ungdommane er bevisst på rolla si som forbilde for dei yngre. I tillegg sponsar korpset musikantar som vil delta på NMFs sommarkurs.

I Trondheim kan også Ranheim skolemusikkorps skilte med auke i medlemstalet. Dei har gått frå 70 medlemmer til 97. Haraldreina og Kvislabakken Skolekorps i Stjørdal har auka medlemsmassen med 42 medlemmer og er i dag nesten 100 medlemmer.

Korpsbygging

NMF har dei siste fem åra jobba med korps som vil bli betre. I korps som har delteke i korpsbyggarprosjektet «Bli bere – få det betre», er det heile 15 prosent auke i talet på medlemmer i korps.

– Det er gledeleg å sjå at arbeidet med å bygge korps gir resultat, seier korpsbyggar Per Einar Fon.

– Det er mange faktorar som er med og påverkar. Høg kvalitet i alle ledd gir etter kvart auke i medlemstalet, seier NMFs generalsekretær, Karl Ole Midtbø.

Høg kvalitet i alle ledd gir etter kvart auke i medlemstalet, Midtbø

Ein av 365 dagar

17. mai er dagen då alle korps i heile landet er synlege. Det ligg mange timar med grundig terping på marsjering- drill og speleteknikk for å gjere best mogeleg inntrykk og gjere nasjonaldagen til ein fest for folket.

I år har fleire aviser og reportasjar i media omtalt medlemsauken i organisasjonen.

– Vi blir glad, stolt, rørt og audmjuk over alt det gode arbeidet som blir gjort i korps-Norge, seier dagleg leiar i NMF Rogaland Lilli Anne J. Grong.

Vi blir glad, stolt, rørt og audmjuk over alt det gode arbeidet som blir gjort i korps-Norge, Grong

Her er nokre lenker til oppslag før, under og etter 17. mai 2016:

VGTV: Korps er kult
VG: 25 år med nedgang, men i fjor snudde det
VG: Gladsak, nå vokser korpsene igjen
VG: Kult med korps
NRK Finnmark: Skulle kjøpe garasje, endte opp med tuba
NRK TV: Sånn er det å spille trommer 
NRK TV: Helsing frå Sør-Afrika/Kimberley
Dagsavisen: Integrerer med korps 
Nationen: På tråden
Dagsavisen Fremtiden: Fremad marsj
Aura Avis: Ny medvind for gammel storhet?
Østlandsposten: Kort notis om medlemsauken
NRK Møre og Romsdal: Trommer sammen korps til 17. mai
Klar tale: Hurra, flere marsjerer igjen
NRK TV: Furuset skoles musikkorps

Furuset skoles musikkorps gjorde seg bemerka med afrikanske rytmer i toget. Foto: Prtscn NRK.

Furuset skoles musikkorps gjorde seg bemerka med afrikanske rytmer i toget. Foto: Prtscn NRK.

NMF har jobba mykje med Furuset skoles musikkorps det siste året. For eit år sidan såg det ut til at korpset måtte legge ned. Det var mange musikantar, men ingen i styret. PULSE Stronger Together har vore inne i korpset, Korpsbyggarar/rettleiarar og NMF Øst er inne, blant anna med samarbeid og kommunikasjon med kulturskulen.  No er Furuset oppe og går og viste seg godt fram i korpset på nasjonaldagen!