Odd Terje Lysebo har vore kultursjef i Larvik kommune i ei årrekkje, starta kulturskulen der, stått bak kultursatsinga i kommunen og dirigert både nasjonale og internasjonale korps. Korpsrørsla kan takke Lysebo for den store innsatsen hans innan korpsdireksjon.

To gongar NM-mester

På 90-talet dirigerte han Nanset Blåseensemble til NM-medalje i eliten to gongar. Korpset har han leia i 50 år. 1. nyttårsdag var det konsert der ordførar Erik Bringedal overleverte Kongens fortenstmedalje.

– Medaljen blir gitt til menneske som har gjort ein innsats som langt overgår det som er forventa. Ein slik innsats har vår mottakar av medaljen gjort, sa ordføreren i talen til Odd Terje under nyttårskonserten i Larvik.

Rørt medaljevinner

Sjølv var Odd Terje tydeleg rørt og overraska.

– Ja, dette var ei stor overrasking. Dette var eg ikkje forberedt på gitt. Det var spesielt, men veldig hyggeleg og få den. Og det er klart det betyr veldig mykje. Å bli sett pris på på den måten. MEN, legg han til med ettertrykk.

– Det er like viktig å få alle desse helsingane frå heile verda. Rykta går fort og på Facebook har det kome mange helsingar på berre eit par dagar. Det er verkeleg bra, seier han.

Dette var eg ikkje forberedt på gitt.

Nanset blåseensemble under Champagnegaloppen. Foto: Olav Norheim.

Nanset blåseensemble under Champagnegaloppen. Foto: Olav Norheim.

Dirigert over heile verda

Lysebo har dirigert alle forsvarskorpsa i Norge, vore gjestedirigent for forsvarskorps i blant andre USA, og dirigert i Korea, Singapore m.fl. Mange har spelt i korps nettopp på grunn av Odd Terje. Han har hatt stor betydning for mange musikarar, og vore ein stor inspirator. Det viser alle helsingane han har fått på Facebook:

«Gratulerer! Det er veldig fortjent! FÅ har gjort så mye for korpsbevegelsen, og musikk generelt. Hurra!» (Arild Ovrum)

«Gratulerer så mye! Vi var mange heldige ungdommer som fikk ha Odd Terje som dirigent på fellesseminarer for skolekorps i Horten og Borre på 70-80 tallet, som dirigent for Vestfold Janitsjar og også som dirigent på sommerskolen i musikk.» (Horten Ungdomsmusikkorps)

«Fantastisk da Odd Terje kom rett fra USA med kofferten full med spennende musikk til oss på Toneheim! – Jøss, kan korpsmusikk være sånn?! Sa vi da. Gratulerer Odd Terje!» (Morten Hagevik)

«Å få spille under OT åpnet øyne og ører.» (Trond Eklund-Johansen)

Egil Lysebo seier dette om bror sin: «Vi er mange som har funnet en god levevei som utøvere og pedagoger takket være Odd Terjes gode påvirkning.»

Norges Musikkorps Forbund gratulerer!!

Nanset blåseensemble med solistar. Foto: Olav Norheim.

Nanset blåseensemble med solistane Camilla Stenhoff Vist og  Ole Andreas Silseth og dirigent Odd Terje Lysebo. Foto: Olav Norheim.

Veien vidare for Odd Terje Lysebo er framleis å dirigere Nanset blåseensemble. Men på grunn av restriksjonar blir det ikkje mykje gjestedirigering eller utanlandsreise.

– Vi har mange store og gode prosjekt framover med mykje god og fin musikk, seier Lysebo.