Mange erfaringar rikare
Møte med enkeltmenneske, positiv utvikling blant elevane og musikk som ein viktig reiskap, er gode erfaringar dei tek med seg vidare. Ragnhild Sandbakk, frå Sunnmøre og Odd-Erik Nordberg, frå Drøbak er tilbake frå Sør-Afrika etter 2,5 år med arbeid i utfasingsprosjektet Roots.
Dei to starta arbeidet i Sør-Afrika gjennom Bands Crossing Borders (BCB) i 2008, eit prosjekt støtta av Fredskorpset. I to år jobba dei med musikk i samarbeid med Field Band Foundation, søsterorganisasjon til NMF som jobbar med «life-skills» for born og unge gjennom musikk og dans. Gjennom arbeidet i fieldband har dei hatt mange oppgåver i fleire townships.
Sidan 2014 har dei arbeidd i prosjektet Roots, eit utfasingsprosjekt av BCB. (Sjå faktaboks oppe til høgre)
God utvikling i Sør-Afrika
Sør-Afrika har utvikla seg veldig i positiv retning sidan fyrste åra dei to var der. På den nasjonale meisterskapen, The National Championship der fieldband møtast til konkurranse, møtte dei igjen mange av dei som var unge fyrste gongen dei var ute.
– Det var veldig kjekt. No var dei blitt vaksne og tydelege i leiarroller. Det er stas å sjå kor dei har utvikla seg og har jobba seg opp i gradene, fortel Ragnhild.
Det er stas å sjå kor dei har utvikla seg og har jobba seg opp i gradene, Ragnhild
– Eg såg igjen ein elev som eg hadde i gruppa mi i akademiet og møtte han igjen på meisterskapen. Han kom til meg og sa: «Kom, kom Ragnhild, kom å høyr på gruppa mi». «Eg har arrangert all musikken». Han var sååå stolt. Han ville vise kva han hadde gjort siste åra. Det gjorde eit sterkt inntrykk på meg, seier Ragnhild, lettare rørt.
Heilt frå dei starta Field Band Academy, såg dei mange utfordringar. Dei såg korleis lærarane jobba og største utfordring var nok å skulle ha dialog med elevane.
– Dei var veldig lukka og det tok langt tid før dei stolte på oss. Eg trur kanskje kulturen der læraren var den autoritær og ein person dei ikkje stilte spørsmål til, påverka dei. Då vi kom ned igjen andre gongen, merka vi at undervisningskulturen var forandra, slik eg tolkar det seier Odd-Erik.
– Eg trur det er resultat av det sosialpedagogiske arbeidet som er gjort over år, og som har etablert ein kultur som har sett seg i dei ulike regionane, seier Odd-Erik.
Eg trur det er resultat av det sosialpedagogiske arbeidet som er gjort over år, Odd-Erik
Musikk har ingen grenser
I heile perioden har dei jobba med musikken som eit verktøy. Dei har jobba med forskjellig ungdom, frå ulike kulturar, som snakkar ulike språk og som kjem frå ulike heimar. Det fine med musikk er at alle kan spele i lag sjølv om språket og kulturen er ulik. Musikken er viktig for mestringa.
– Øver du på noko og opplever mestring, gjer det noko med motivasjonen og tryggheita. Det viktigaste er ikkje å bli supergod å spele, men alt som skjer rundt bruken av musikk i opplæringa. Mange kjem frå heimar som ikkje er så stabile. Også dei har ein plass i fellesskapet og det igjen påverkar den sosiale læringa, seier Ragnhild.
Ein plass i fellesskapet påverkar den sosiale læringa, Ragnhild
Ansvar for eiga utvikling
I Sør-Afrika er det mange som ikkje får ansvar for eiga utvikling. Det nordmenn lærer gjennom korps og skulen, å få ansvar tidleg, å lære demokratiforståing krev hardt arbeid for dei som ikkje blir oppdradd slik.
– Å jobbe hardt med noko, må lærast. Om du vil bli doktor eller studere noko, er den indre driven og evna til å evaluere seg sjølv viktig for motivasjon. Det gjeld også i musikk. Musikk kan brukast for å gjere elevane bevisst på si eiga utvikling og betydning. Som lærar er det mi oppgåve å få eleven til å jobbe med sin eigen motivasjon, seier Odd-Erik.
Inntrykk som sit igjen
Kva som har gjort størst inntrykk på dei i åra som utvekslingsteam i Sør-Afrika er ikkje lett å svare på. Men Ragnhild prøver.
– For meg er det menneska. Det er mange i Sør-Afrika som er opne og lett å bli kjent med, og det er lett å bli knytt til folk. Men ja, vanskeleg å trekke ut ein episode. Eg trur det må vere møte med enkeltmenneske.
Heller ikkje Odd-Erik klarer å trekke ut ein enkelt-episode.
– Det er mange veldig fine episodar. Forskjellen på folk er store i landet. Eg har møtt verdens beste og verdens verste. Alt frå forferdelege rasistar, til heilt fantastisk rause folk. Skalaen over mennesketypar har blitt større. Dette gjer at eg har fått eit større følelses-spekter. Det gjer noko med meg. Og eg blir meir bevisst på menneske generelt.
– Kva erfaringar tek de med heim?
– Vi har blitt mykje meir bevisste på kva undervisningsmetodar som fungerer. Korleis bruke dei meir målretta for å nå ut til elevane og gjennom musikken jobbe med det sosialpedagogiske, seier dei.
– Er dette eit godt utgangspunkt for å jobbe med dette i Norge?
– Ja, vi håpar det, svarar Ragnhild og Odd-Erik nærast i kor.
Å spele med andre, vite at «Eg er viktig, og dette får eg til», er motiverande.