Mannen som gjorde Eikanger-Bjørsvik Musikklag gode.
Eikanger-Bjørsvik Musikklag får besøk av Howard Snell, dirigenten som gjorde dei gode. Snell dirigerte EBML til siger i EM brass i 1988 og 1989. Frå 1986 til 1999 var han sjefdirigent i koprset.
Legendariske Howard Snell dirigerer korpset i Logen Teater søndag 20. september. På programmet står verk av Bach, Holst, Howells og Snell.
Musikarar som har spelt under Howard Snell omtalar han framleis med ærefrykt i stemma.
Dyktig dirigent og komponist
Howard Snell er 78 år gammal, og kan mellom anna skryte på seg å ha vore solotrompetist i London Symphony Orchestra, dirigert brassband på høgt nivå i nesten 40 år, og han er verdskjent for komposisjonane sine og arrangement for brassband.
Øve-øve-øve
– Det er med spenning at vi i EBML går inn i denne veka. Howard kjem på onsdag, og då øver vi kvar dag fram til konserten på søndag, skriv dei i ei pressemelding.
Billetter kan du kjøpe i døra. Skulekorpsmusikantar har gratis inngang.
Program:
Chorale Prelude – In Dir ist Freude – J.S.Bach, arr. H.Snell
A Moorside Suite – G. Holst
Gallery – H.Snell
Windmills (Postcard from Riddings) – H.Snell
Pines of Rome (Catacombs & The Nightingale) – O.Respighi, arr. H.Snell
Pageantry – H.Howells