Ruud har vakse opp med korps og spelt klarinett i skulekorps, ungdomskorps, i ensemble og vaksenkorps. Han har med andre ord gått heile korpsrunden og er i dag professor i direksjon ved Norges musikkhøgskole i Oslo.

– Eg er glad i musikk og korps passar meg bra.

I helga rettleiar han dirigentar i Larvik.

– Eg hugsar sjølv kor inspirerande det var å få prøvd meg i slike samanhengar.

Rundt 60 musikarar, dirigentar, tilhøyrarar, profesjonelle og amatørar møtest i helga til kursing med Ole Kristian Ruud. Åtte av dei er aktive deltakarar på podiet, medan rundt 40 spelar i Nanset Blåseensemble. 10 har fått plass på kurset som «passive» og får lytte frå salen.

Bilde av Ole Kristian Ruud, professor i direksjon

Ole Kristian Ruud

Spissa kurs

Trond Korsgård er ansvarleg for kurset og seier han er svært takknemleg for at Nanset og professoren ønskjer å vere med på å dele av sin kunnskap til svært motiverte dirigentar.

– Dette er ein del av NMF satsing på dirigentutvikling. Kurset er lagt til rette for dei aller beste på eit høgt nivå.

Førebuing viktig

Kurset startar kvelden før der deltakarane går gjennom musikken. Alle har fått partituret på førehand og saman analyserer dei og ser på eksempel.

– Dette er dirigenten sitt forarbeid og vil hjelpe dei seinare. Forarbeid er viktig uansett kva nivå dirigenten er på, seier Ruud.

Video og direkte respons

Laurdag og søndag dirigerer dei åtte deltakarane Nanset Blåseensemble, eit godt korps av profesjonelle musikarar og gode amatørar. Korpset gir respons på teknikken. Mange av musikarane dirigerer korps til vanleg og lærer mykje sjølve. Det blir gjort videoopptak som blir analysert i etterkant. Professoren rettleiar undervegs, finn eksempel på kva som er lurt å lytte etter, og kva som er viktig å gjere for å ikkje slå ting i stykke, finne den indre pulsen.

– Alle som deltek lærer mykje av kvarandre og brukar tilbakemeldingane på ein positiv måte, seier Ruud.

Professoren er ein renomert dirigent, både i Norge og i utlandet. Han har gjestedirigert for alle orkestera i Norge og har oppdrag med dei fleste store orkestera i Skandinavia og gjesta fleire orkester i heile verda. Dessutan har han fått ei rekkje prisar for arbeidet sitt som dirigent. Og studentane hans er blitt profesjonelle dirigentar som gjer seg gjeldande i norsk og skandinavisk musikkliv. (Kjelde: NMH)

Ole Christian Ruud rettleiar på Dirigentuka 2014

Ole Christian Ruud veileder på Dirigentuka 2014.

Eg er glad i musikk og korps passar meg bra.

– Kva eigenskapar bør ein dirigent ha?

– Vedkomande må vere ein god formidlar og kunne å kommunisere, på det nivået han/ho er. Det er viktig å ha kunnskap som trengst. Om du ikkje klarer å formidle, uansett om det er til born, ungdom eller profesjonelle, går det ikkje så bra. Men det er mange andre ting som spelar inn. Kjemi er viktig og sjølvsagt bør du ha ein porsjon humor, vere audmjuk og du må kunne improvisere. Ein dirigent må alltid sjå an situasjonen.

Du bør ha ein porsjon humor og kunne sjå an situasjonen

– Kva er den største forskjellen på å dirigere eit skulekorps versus eit profesjonelt korps?

– Er du dirigent for eit profesjonelt korps, må du sjølv vere utøver på høgt nivå, ha kunstnarisk integritet og fagleg bakgrunn på same nivå som musikarane. Det blir jobba mykje raskare og du må vere ein inspirator og formidlar på høgt nivå.

– Ein dirigent for eit skulekorps må ha ei anna form for tolmod, må kunne kommunisere med barn og ungdom og vere ein form for lærar og inspirator på deira nivå. Det er sjølvsagt ulike nivå i skulekorps, men det er viktig at dirigenten ser heile korpset, men også kvar enkelt. Ein fordel er det å ha vore instruktør sjølv og vand med å undervise ein til ein. Dessutan bør vedkomande ha kunnskap om det instrumentale, seier Ruud.

Ein skulekorpsdirigent må kunne kommunisere med barn og ungdom

Musikkprofessoren snakkar alltid varmt om det å leie barn i korps. I år er det 5. gongen han deltek på Dirigentkurset i Larvik. Vi ønskjer han og alle lykke til med kurset!