Erlend Abelsvik spelar kornett, Yngve Abelvik spelar valthorn.

Erlend Abelvik spelar trompet, Yngve Abelvik spelar valthorn. Begge fyller 15 år i år.

I løpet av to dagar skal alle ungdomane levere kunstnariske prestasjonar på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Og mange av dei tilhøyrer korpsrørsla. Det betyr at dei har tilbakelagt ei mengde timar øving og mykje spenning rett før konkurransen.

Øver kvar dag

Erlend Abelvik frå Bergen øver fast i to timar når han er på korpsøving med Midtun Skoles Musikkorps og 3 timar elles, kvar dag.

– Ja, eg øver, men prøver å ta pausar ein gong i blant. Eg skal spele Francis Thomé, eit repertoar som Norges musikkhøgskole brukar ved inntak.

– Er det vanskeleg?

– Ja, det er vanskeleg å få det fint musikalsk. Og så skal eg spele Russian Dance av Oscar Bøhme.

Erlend reiser saman med mor og bror Yngve til Oslo i dag. Dei fekk eit lite hint av pappa om å delta i den regionale UMM. Han gler seg, men er smålåten med tanke på kva han kan oppnå.

-Eg har ikkje så høge forventningar. Det er ein siger i seg sjølv å kome vidare til Oslo frå den regionale meisterskapen, seier han.

Øving gjer meister

Yngve Abelvik håpar på at salen er god å spele i. Også han har øvd i vekene før finalen.

– Ja, men ikkje fullt så mykje som tre timar om dagen. Kanskjer 1,5 – 2 timar. Han gler seg til å spele konsert.

– Eg skal spele Franz Strauss Horn Concerto og Mozart Horn Conserto nr. 2. (2. sats.)

– Er det vanskeleg?

– Ja, det vil eg seie – horn er litt anna instrument enn trompet. På Franz Strauss er det vanskeleg teknikk på slutten. Mozart-stykke er roleg, men fraseringane må sitte og eg må ha pusteteknikken i orden.

Inspirasjon og motivasjon

– Vi håpar mesterskapet kan vere til inspirasjon og motivasjon for alle lærarar og elevar, og at det kan vere eit positivt bidrag til kvar enkelt deltakar og den sin utvikling, skriv prosjektleiar Mona Grande Lund i programhelsinga.

Fokuset er ikkje på konkurransebiten. Alle får ei tilbakemelding frå juryen som dei kan bruke til å utvikle seg vidare. Men i finalen i Oslo blir Årets musikar 2016-2017 kåra. Vedkomande blir løna med 50.000 kroner.

Åtte regionale finalar

Det er arrangert åtte regionale finalar før det nasjonale mesterskapet. No får 125 av dei beste frå dei regionale meisterskapa sjansen til ny, verdifull konserterfaring.

Alle som er 23 år eller yngre kan delta i UMM. I år blir det konkurrert i disiplinane gitar, messingblås, treblås, sang, stryk og kammermusikkgrupper.

Kom og høyr

Publikum er velkommen til å høyre på både semifinalen og europeisk konsert laurdag, samt finalekonsert og superfinale søndag.

Lykke til – med ønskje om gode opplevingar for både utøvarar og tilhøyrarar!

UMM blir arrangert  av Norsk kulturskoleråd, Norges Musikkorps Forbund og Musikkpedagogene Norge. Norges musikkhøgskole er mesterskapsarena og ein viktig samarbeidspartnar.

På UMM sine sider kan du finne meir informasjon.