Den verdskjende komponisten og dirigenten James Swearingen frå USA kjem til Hell saman med mange spennande foredragshaldarar. Swearingen er ein av dei mest spelte komponistane i Norge, ifølgje arrangøren. Han skal ha eit tidleg foredrag på fredag: «Developing a Philosophy for Success».

Relevant for korpsa

Hellsymposiene har i år fokus på leiing i kvardagen. Alt som blir gjort skal vere relevant for korpsa sine utfordringar i sine eigne korps heime. Dette er ein arena der korpsfolk frå heile landet møtast til inspirasjon og ny giv i kvardagen.

– Vi håpar at det som blir presentert på symposia er kjende problestillingar for korpsentusiastar, seier dagleg leiar i NMF Trøndelag Geir Ulseth.

Mange val

Er du dirigent, korpsleiar eller innehar eit anna verv i korpset ditt – tilboda er mange avhengig av kva du er interessert i.

Dirigentsymposiet har skulekorpsleiing som hovudfokus, men det er også tilbod innan aspirantkorps og vaksenkorps. Grete Helle Rasmussen underviser i musikkpedagogisk teori og generell musikkdidaktikk ved Barrat Due musikkinstitutt. Ho foreles om temaet: «Kva kan barn eigentleg lære seg?»

Kultursponsing

Dagleg leiar av konsulentselskapet Skagstind, Morten Guldvik er gjesteforelesar innan faget sponsing for markedsføringselever på BI. Tema er korleis finne sponsorar og korleis gjere seg attraktiv. Denne forelesninga har mange påmelde og gjeld i høgste grad for korpsleiarar.

Kunsten å leie

James Swearingen skal også halde foredrag om pedagogisk og metodisk korpsutvikling. Saman med Dag Helle Bysting (som vart kåra til «Årets skolekorpsdirigent 2015») og Byåsen Skolemusikkorps vil dei gjennomføre ei praktisk økt med fokus på leiing av barn og unge – og sjå på kva metodar og repertoar som motiverer, inspirerer og utviklar musikantane i eit skulekorps.

– Dette blir ei form for oppsummering av dei ulike tema som blir fokusert gjennom foredraga og workshopa på Hell, seier Ulseth.

Ungdomskonferansen

Det er meldt om stor oppslutning på Ungdomskonferansen. Heile 168 ungdommar er påmeldt. Dei har eige program, og deltar delvis saman med dei vaksne. Ungdomskonferansen er primært eit organisasjonskurs. Viktige tema i år er «Getting things done – for skoleungdom» og «Hvordan utvikle ditt eget korps».

Foredragshaldarar skal inspirere ungdommane blant anna til å bli aktive i rekrutteringsarbeidet. Prosjektleiar Håvard Hinsverk gler seg til helga.

– Dette blir veldig bra. Eg har høge forventningar til samlinga med så mange unge. Utanom foredraga blir også ungdommane engasjerte.

– Kvart år har vi laga film, og det skal vi også gjere i år, seier Hinsverk.

Du finn alle dei andre filmane på Youtube.

Program for Ungdomskonferansen:

Felles foredrag

Det er mykjes om foregår parallelt denne helga, men noko skjer også i plenum. Blant andre vil Jarle Førde frå The Brazz Brothers reflektere over «Jakten på den gode følelsen». Han vil ause av eigne erfaringar og leite etter den gode kjensla, både i kvardagen og i korpsrommet.

Nyttårskonsert laurdag

For 19. året på rad spelar Halsen Musikkforening nyttårskonsert. I år er Wenche Myhre solist. Dette har vore ein unik suksess med mange kjende solistar opp gjennom åra og med den anerkjende Tomas Rimul som dirigent på 11 av dei 19 konsertane. Konserten er eit samarbeid med lokalt næringsliv og trekkjer fulle hus kvart år.

Programmet for Hellsymposiene