Bodskapen var Musikkorpsenes år og NMF 100 år i 2018. Dei fortalde om aktiviteten i korpsrørsla, samarbeidet NMF har med Field Band Foundation og Fredskorpset i Sør-Afrika. Kronprinsen fekk også høyre om inkluderingsarbeidet som blir gjort i Norge og etablering av Kulturalliansen. I tillegg fekk han også høyre om arbeidet som blir gjort med rammevilkår for korps.

– Vi håpar Kronprinsen vil vere til stades ved eit eller fleire arrangement i 2018, seier president Rita Hirsum Lystad som takkar for ein hyggeleg samtale med Kronprinsen.