Velkommen til våre nye nettsider!

Musikkorps.no er her i ny drakt. Norges Musikkorps Forbund er ein aktivitetsorganisasjon. Difor har vi  lagt vekt på å gjere aktivitetane i NMF tydelege for deg som lesar. Under «arrangement» finn du alt som skjer i organisasjonen under dato, nærast som i ein kalendar. Under nyhet, fortel vi historier og kjekke ting som skjer i korps-Norge.

Kommunikasjonssjef Håkon Mogstad seier at ei brukarundersøking blant medlemmene viste at nettsida vi har hatt var vanskeleg å navigere i. Det vart mykje klikk og lite intuitivt.

– Vi måtte gjere eit grep med nettsidene. Dei nye sidene er langt meir oversiktlege. Du kan no sjølv sortere og filtrere på det du synest er mest interessant, både i den regionen du høyrer til og i den type aktivitet du er mest interessert i. Dermed finn du den informasjonen som passar deg best.

Søkefunksjonen på dei nye nettsidene er også langt betre og ikkje minst har vi tilpassa oss dagens teknologi.

– Alt innhald kan du no lese godt på mobil og nettbrett og koblinga mellom nettsidene og facebook og twitter er også mykje betre, seier Mogstad.

Du vil finne ulike symbol med fargekode på artiklane. Desse symbola indikerer ulike arrangement, som konkurransar, kurs, festivalar og nyheiter.

Leitar du etter det som før heitte «Startpakken», vil du finne det meste under fanenamnet «Korpsledelse».

I kartbildet nedst på sida kan du sjå kor mange korps som er medlem i NMF. Her finn du namn på alle korpsa plassert i eit google.maps-kart. Har du flytta til ein ny plass og vil finne ut kor du kan bli med i eit korps, er dette eit lite hjelpemiddel.

I kartet vil nokon finne at korpset sitt ikkje ligg rett plassert. Det har samanheng med at korpsa er plassert ut frå ein fordelingsnøkkel der korpset si postnummeradresse utgjer 50 % og medlemmene si postnummeradresse dei resterande 50%.

– Etterkvart skal vi få retta på plasseringa til dei korpsa som er feilplassert, seier Mogstad.

Du er også hjerteleg velkommen til å seie di meining om sidene. Klikk deg rundt og sjå korleis det heile heng saman. Du kan dele meininga di på Facebook.