Dei tre norske korpsa som deltek er Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Manger Skulemusikk og Søreide og Sandsli Skolekorps.

EBML vil til topps

EBML deltek som norgesmeister i 2014. Dei to siste åra har korpset frå Nordhordland kome på 2. plass i EM brass. I Oslo 2013 vart dei slått med knappast mogeleg margin av Cory Band frå Wales. I Perth i Skottland i fjor gjekk Brass Band Bürgermusik Luzern av med sigeren. Det å tape på målstreken som dei gjorde i Oslo er nok ekstra vanskeleg. Men Eikanger-Bjørsvik får sjansen til å ta revansje under EM i Freiburg i år.

Øve – øve – øve

Korpset som har mange NM-sigrar på samvitet blir også i år dirigert av professor David King. Dei øver fast to kveldar i veka gjennom heile året. Men i oppkøyringa før store mesterskap blir det mange ekstra samlingar både helg og kvardag.

Manger Skulemusikk vann ungdomsbrassband i Skottland i fjor. Dirigent Thorgeir Thunestvedt

Manger Skulemusikk vann ungdomsbrassband i EM i Skottland i fjor. Dirigent Thorgeir Thunestvedt.

Youth Development

Manger Skulemusikk og Søreide og Sandsli skolekorps deltek i ungdomskonkurransen, (Development Section) Manger som vinnar av EM i ungdomsbrassband i Skottland 2014, Søreide og Sandsli som norgesmeistrar skulekorps brass i 2014. Tor Arne Pedersen dirigerer sistnemnde, medan dirigenten for Manger er Thorgeir Thunestvedt som leia dei til siger i fjor.

EYBBC – Development Section 

Søreide og Sandsli Skolekorps på speleoppdrag for kulturministeren 2013.

Søreide og Sandsli Skolekorps på speleoppdrag for kulturministeren 2013.

Tolv av kornett-gruppa i skulekorpset fekk vere med å spele festkonsert saman med Paris Brass Band under NM brass i år.

EYBB

Tre musikantar er plukka ut til European Youth Brass Band (EYBB). Det er Julia Gåsvær, Eli Hatlehol, begge kornett og Thomas Tengelsen på tenor horn. 19 musikarar søkte til dei tre plassane Norge kan sende. Dei skal spele seg saman allereie frå laurdag 25. april. European Youth Brass Band består av ca 40 musikarar frå heile Europa og møtast kvart år i samband med EM brass. Bandet blir drive av European Brass Band Association, EBBA.

Blir streama

Pliktnummeret i EM fredag og det sjølvvalde stykket laurdag blir streama via det nederlandske tv-selskapet Hafabralivestream.nl. Også festkonserten og premieutdelinga. For å sjå må du logge deg inn og betale €12,50: http://www.hafabralivestream.nl/

President Ulf Rosenberg i EBBA er glad for samarbeidet.

– Dette vil bli det beste arrangementet vi har sett i den 38 år lange EM-historia. Dyktige korps som framfører god musikk i ein svært god konsertsal i Freiburg. Og dette gir brassband-entusiastar over heile verda sjansen til å sjå og høyre høgdepunkt frå konkurransen.

På EBBC2015 si nettside finn du heile programmet.

Fleire nordmenn med

Stig Nordhagen frå Norge er dommar på EM brass sitt sjølvvalde nummer. Det er lukka dømming i EM og publikum får difor ikkje vite kven som skal spel kva for eit stykke. Dei andre dommarane finn du her.

Dette er dei sjølvvalde nummera:

 Audivi Media Nocte (3x) Oliver Waespi
From Ancient Times Jan van der Roost
Journey of the Lone Wolf (2x) Simon Dobson
Metropolis 1927 for Brass Band and Percussion Peter Graham
Partita for Band Wilfred Heaton
Symphony in two movements Edward Gregson
Trance (2x) Thomas Doss
Vita Aeterna Variations Alexander Comitas

Pliktnummeret i EBBC Championship er “The God Particle” by Rolf Rudin.

Stein Skorpholm frå Norge skal vere konferansier under EM.

– Det blir travle dagar, men eg gler meg til å få vere konferansier under EM brass for fyrste gong. Og eg gler meg til å møte mange kjente!