– Ideen om ein norsk blåsesymfoni vart fyrst prøvd ut i Stavanger i 2008. Tilbakemeldingar frå den gongen var strålande. No tar vi opp igjen tråden og etablerer Norsk Blåsesymfoni som eit årleg kurstilbod kvar sommar, seier musikksjef i NMF Harald Eikaas.

Unik møteplass

Norsk Blåsesymfoni er ein unik møteplass i norsk musikkliv, der talentfull ungdom spelar saman med Sjøforsvarets Musikkorps i Bergen. Til saman utgjer dette eit stort symfonisk ensemble på om lag 60 musikarar som vil framføre viktige verk frå blåsemusikklitteraturen i ei profesjonell ramme.

Dirigent for Norsk Blåsesymfoni 2017 er Andreas Hanson, til dagleg kunstnarisk leiar for Forsvarets Stabsmusikkorps i Oslo.

Les om dirigenten

– Målgruppa er musikantar over 18 år som anten er musikkstudentar eller kome opp på eit høgt instrumentalt nivå. I utgangspunktet skal dette tilbodet ikkje konkurrere med NMFs eigne svarte kurs, men bli oppfatta som eit nivå over, seier Eikaas.

Klassisk janitsjarrepertoar

Repertoaret er førebels ikkje fastlagt, men det er blant anna eit mål å spele nokre av dei store klassikarane innan janitsjarrepertoaret. Dette er korpsmusikk der musikken krev stor besetning inkludert piano og harpe for å bli framført.

– Nettopp det vil skje på Norsk Blåsesymfoni, stadfestar Eikaas.

Les om Sjøforsvarets Musikkorps

Søknadsfrist 16. april

Er du interessert må du søke innan 16. april. For å komme med må du sende inn videoopptak av deg sjølv der du framfører eit sjølvvald stykke på ca. 5 – 7 minuttar. Det er prøvespel for følgande instrumentgrupper: fløyte, obo, klarinett, fagott, saksofon, trompet, trombone, eufonium, tuba, valthorn og slagverk.

Invitasjon og påmelding

Ekstern støtte

Norsk Blåsesymfoni blir gjennomført med støtte av Dextra Musica, Sparebankstiftelsen og er sikra finansiering dei neste 5 åra og vil etter planen bli gjennomført vidare i samarbeid med Forsvarets Musikk.

dextra