NS 8178, som standarden heiter, skal sikre betre musikklokale ved å vere eit nyttig verkty for musikarar, planleggarar, kommunar og andre som vil skape gode lydforhold i nye og eksisterande rom. Vi har ikkje hatt ein slik standard tidlegare, og mange korps rundt om i Norge øver i lite eigna lokale i dag. Norsk Musikkråd har målt akustikk i over 300 lokale rundt om i landet. Rundt 85 % av desse er ikkje eigna til det dei blir brukt til.

Banebrytande

– Dette er eit banebrytande arbeid. Det vil gje eit heilt anna fokus på akustikken i eit musikkrom, ein kultursal, som anten skal pussast opp, renoverast eller om kommunen skal bygge nytt, seier musikksjef i NMF Geir Ulseth.

Andre land også interessert

Administrerande direktør i Standard Norge, Trine Tveter, fortel at «NS 8178» er ein føregangsstandard på kulturområdet, og interessa i Musikk-Norge er overveldande.

– No opplever vi også at dei andre nordiske landa viser interesse for denne norske standaren, sa ho då dokumentet var ferdig.

Utforming og normer

Standarden seier noko om utforminga og funksjonalitet i eit rom (både øvingsrom og konsertsal), kva akustiske normer som utbyggjar må ta omsyn til og kven som skal bruke lokalet.

– Våre korps og alle som driv med godkjent VO-verksemd har krav på tilfredsstillande kurslokale frå kommunen. Dermed må kommunen ta omsyn til akustikken i eit rom dei tilbyr eit korps, seier Ulseth.

Ver OBS sjølve

Men korpsa sjølve må vere påpasselege. Om nye skular eller kulturhus skal byggast, er det lurt å vere med tidleg i prosessen. Då kan standarden bli tatt omsyn til og korpsa får betre øvingslokale og betre konsertlokale.

Musikk på lik line med idrett

Ordføraren i Radøy kommune, Jon Askeland, har vore medlem i arbeidsgruppa som har utarbeidd standarden. I hans kommune er brassbandet Manger Musikklag i verdsklasse.

– Eg er opptatt av at dei musikalske interessene må sikrast på samme måte som idretten ved rehabilitering og bygging av offentlege bygg. Det er mitt største ønske at god akustikk for musikkformåla blir lagt vekt på i kommunen sine planprosessar.

Ny Norsk Standar sikrer bedre musikklokaler.

Her kan du bestille NS 8178

(Publisert fyrste gong 28. mai 2014.)