NM janitsjar nærmar seg med stormskritt. Om du ikkje er i Trondheim 5. – 6. april er det mogeleg å følgje med på streaming frå elitedivisjon, 1. divisjon, 4. og 5. divisjon, med rapportar frå dei andre divisjonane. Det heile startar fredag kl.1350 med Kolbotn Konsertorkester som første korps på scena i Olavshallen kl.1400.

Her finn du sendingane Livestream.com/nmf
I appen program.no finn du bl.a program, spelerekkefølge, helsingar og etterkvart resultata frå NM.

Mange hattar

Tormod Flaten jobbar til dagleg som euphonist i Sjøforsvarets musikkorps. Han har vore solist med mange janitsjarkorps (også brassband). Med hans breie bakgrunn innan korps skal han gje sjåarane eit ekstra innblikk i framføringane frå korpsa i 1. divisjon.

– Eg likar utfordring. Eg har tidlegare ikledd meg dei fleste andre hattar i samband med NM. Eg har dirigert i elitedivisjonen gjennom mange år, eg har vore utøvar og dei siste åra også domar. Når invitasjonen frå NMF kom var det spennande å takke ja til å prøve ein fjerde hatt.

– Gler du deg?

– Eg er litt spent. Det må ein vere for å kunne gjere ein skikkeleg jobb, uansett kva det gjeld, trur eg. Men eg gler meg til å høyre mange flotte framføringar og til å gjere ein så god jobb som mogeleg.

Eg gler meg til å høyre mange flotte framføringar.

Førebur seg godt

Før sjølve jobben skal gjerast lyttar han til innspelingar og les partitur. Han er ein travel opptatt mann med mange jern i elden, men saman med programleiar Stein Skorpholm legg dei gode planar.

– Skorpholm er ein ringrev i faget, så dette skal nok gå bra, seier Flaten.

God formidlar

Stein Skorpholm er programleiar i NM-studio både fredag og laurdag. Laurdag har han med seg Ole Edvard Antonsen. Han var også ekspert i fjor, men då i 1. divisjon.

– Ole Edvard er sakleg og gir kunnskapsrike tilbakemeldingar om korpset si framføring og formidlar det på ein god måte. I tillegg kjem han med gode øvingstips innimellom. Han har på lik linje med Tormod god erfaring frå mange ulike settingar. Dei veit kva korpsa/dei som spelar går igjennom, seier Skorpholm.

Ole Edvard Antonsen. Foto: NMF

Trompetist Ole Edvard Antonsen. Foto: NMF

– Kva er viktig å få fram gjennom desse sendingane?

– Mi vurdering av prestasjonen korpset gjer. Eg vil prøve å kome med objektive vurderingar, litt slik som dommarane gjer. Samtidig tenker eg at rolla mi også skal vere med å gjere sendingane levande og interessante, litt anekdotar, litt subjektiv synsing, litt nerding og forhåpentlegvis også litt moro, seier Flaten.

Eg vil vere med å gjere sendingane levande og interessante (…) og forhåpentlegvis også litt moro.

Litt begge deler

Spørsmålet er om dette blir for dei mest ihuga korpsnerdane, eller om han vil gjere det meir allment.

– Eg trur dei fleste som følgjer sendingane har eit nært forhold til korps. Men eg trur ikkje fleirtalet har ein bachelorgrad som utøvande musikarar. Eg ønskjer å snakke slik at alle kan forstå. Men det må vere litt for både sjuåringane som spelar i skulekorps og litt for masterstudenten i trompet.

Streaming = fantastisk godt tilbod

Tormod og Stein er samde i at dette tilbodet betyr mykje for musikantane og for dei som ikkje er i Trondheim denne helga.

– Eg synest livestreamen til NMF er eit fantastisk godt tilbod. Sjåartala frå NM brass stadfestar den enorme interessa, også internasjonalt. Eg trur streaming gjer NM-arrangementa endå meir tilgjengelege og «opnar opp». Med desse sendingane blir NM meir transparent. Streamen blir brukt av musikantar og dirigentar i ettertid. Både til evaluering av eigne prestasjonar, til å høyre alle ein ikkje fekk tid til (fordi ein var opptatt med eiga speling) og til å sjekke ut aktuelt repertoar for neste år. Eller rett og slett for å samanlikne seg med konkurrerande korps, seier Flaten.

Eg trur livestream gjer NM-arrangementa endå meir tilgjengelege.

Ole Edvard Antonsen og Stein Skorpholm under NM janitsjar 2018. Foto: John Vint.

Ole Edvard Antonsen og Stein Skorpholm under NM janitsjar 2018. Foto: John Vint.

Skorpholm er opptatt av at NM-studio skal formidle noko til ein kvar, om dei er i NM-bobla eller berre er korpsinteressert.

– Vi vil løfte lytteopplevinga for publikum der ute. Uansett resultat er formålet å underbygge det korpsa vil ha fram, seier han.

Sosiale medier

Medan Skorpholm fortset med programleiar-rolla laurdag, vil Flaten jobbe med ulike ting frå NM-arenaene, blant anna litt SoMe-arbeid.

Så følg oss gjennom helga på @nmfkorps på både Twitter, Facebook, Instagram og Snapchat.
Last ned appen program.no. Her finn du oversikt, helsingar, program, resultat m.m.

– Det blir ei innhaldsrik helg, avsluttar korpsentusiast Flaten.

Les: Norsk Korpsmesse 2019 

Les: NM janitsjar